Du er logget inn som

 

Strikknikk til Dagsturhytta

Tilbake

Torsdag den 15.juni gjentek husflidslaget suksessen frå 2019 og arrangerer STRIKKNIKK. Det er ei samblanding av STRIKKing og pickNIKK. Ha på deg turskoa, legg termos og litt kaffigodt i sekken og finn fram strikketøyet, so er du klar for ein roleg tur opp til dagsturhytta. Vel framme tek me fram nista, set oss ned på eigneproduserte sitteunderlag og nyt utsikta medan strikkepinnane og drøset går. Flinke medlemmar i husflidslaget har strikka gode, varme sokkar til dagsturhytta. Desse tek me med. Husflidslaget ønskjer alle velkomne til å bli med på STRIKKNIKK. Dette er ein saktetur. Frammøte ved Hopastova klokka 18.

main image