Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Tysdag 10. januar kl 1900 på Raulandsakademiet
Rauland Husflidslag statar opp nyåret med foredrag.Denne gongen om mønsterstrikk frå Selbu med Anne Bårdsgård tysdag 10. januar på Raulandsakademiet. Anne Bårdsgård er utdanna kunsthandverkar innan tekstil og har hatt fleire separatutstillingar og delteke på ei rekkje kollektivutstillingar. Ho har også arbeidd med utsmykkingsoppdrag i linoleum, mur, betong og i måla flater. Det er geometri og ornamentikk som er grunntema i arbeida hennar. Dei seinaste åra har ho arbeidd med Selbuvottar og mønster frå Selbu. Ho har gjeve ut 2 bøkar om strikketradisjon frå Selbu, ei vottebok og ei om strikkemønster.
Velkommen til eit spanande foredrag om selbumønster! Ta gjerne med strikketøyet! Gratis inngang.
Etter foredraget er det utlodding og mogeleg å kjøpe kaffi og kanelsnurrar.
Til butikken
Din handlekurv er tom.