Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Laurdag 11. juni hadde laget stand i Bergen. Hordaland Husflidslag arrangerte denne helga Norges Husflidslag sitt landsmøte, og inviterte lokallaga til å visa fram kva kva dei dreiv med, både til landsmøtedelegatane og byfolk elles. Me valde å visa fram Ung Husflid-produkt og ulike arbeid i tre, keramikk og nupereller. Ettersom alle lokallaga var samla i eit telt, fekk me rikeleg anledning til helsa på «kollegaer», og sjå kva dei jobba med.
Det blei ein lang, men triveleg dag, med mange besøkjande på standen vår som viste stor interesse for tinga våre. Spesielt nuperellearbeida og trearbeida til Håkon slo an.
Til butikken
Din handlekurv er tom.