Du er logget inn som

 

Stand og fikselaug på HVL 21.8.23. Nokon som kan vere med?

Tilbake

Til Midtre Sunnfjord Husflidslag

Sogn og Fjordane Husflidslag skal stille på Høgskulane i Vestland, i Førde 21. August og i Sogndal 23. August med stand på dagtid og Fikselaug på kveldstid. Dei som melder seg inn på standen vil få ei vervegåve.

Vi håpar at de som lokallag vil vere med og «låne oss hendene dykkar». De skal ikkje organisere eller ha ansvar for noko, men stille opp med noko de kan sitje å stoppe, reparere eller fikse på. Fint med dømer på ferdig fiksa produkt.

Det er flott om mange sit på standen. På Fikselauget treng vi nokre som kan vere med å assistere dei som kjem for å få hjelp til å reparere ting. 🙂

Det er mange unge i Norge som held på med handverk, men dei kjenner ikkje til Norges husflidslag. Dermed får vi dei heller ikkje med som medlemmar.

Dette arrangementet er ein god mulighet for oss å vise oss fram, og gjere det tydeleg for ungdommane at dei er ønska og velkommen til oss.

Vi kan sørge for at dei blir kjent med organisasjonen og kva vi kan tilby dei. Og ikke minst, snakke om hva dei kan gi oss!

Norges Husflidlag-Teamet som jobbar med Alt Kan Fikses har fått mange henvendingar frå ulike universitet om å lage til eit fast Fikselaug som tebod til studentane og vi tenker det er mulig HVL tenker i same stilen.

Vil du være med som frivillig? Meld ifrå til meg på epost malinodemark@gmail.com, eller på tlf 93662432 innen 6 August.

Sei ifrå:

  • Kva du har mulighet til å vere med på Stand/Fikselaug?
  • Kva du kan bidra med?

 

Ser fram til å høyre frå dykk og håpar mange har mulighet til å bli med.

Somarhelsing,

 

Malin-Charlotte Ødemark

Nestleiar

Sogn og Fjordane Husflidslag