Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Laurdag 7. mars inviterer vi til spinnedag på Storesunde skule/grendahus. Her blir det rom for både læring, inspirasjon og hyggeleg samvær – opent for alle, anten du er nybegynnar eller har spinneerfaring frå før.
Stryn Husflidslag ønskjer velkomen til ein sosial og lærerik spinnedag laurdag 7. mars klokka 11.00–16.00 på Storesunde skule/grendahus.
Dette blir ein dag der vi samlast rundt interessa for spinning og ullarbeid. Arrangementet er ope for alle – både deg som har spinne lenge og deg som er heilt fersk og nysgjerrig. Vi lærer av kvarandre, deler erfaringar og tips, og skaper eit inkluderande miljø for handverk og tradisjon.
Du kan ta med eigen rokk, handtein og gjerne litt ull om du har. Har du ikkje utstyr, er du like velkomen til å stikke innom for å sjå og la deg inspirere. Ta med niste – vi held kaffi og te gjennom dagen.
Vi deler på utgiftene.
Til butikken
Din handlekurv er tom.