Du er logget inn som

 

Spikkeaktivitet Ung husflid, 4H og Midtre Sunnfjord husflidslag, onsdag 3.5.23.

Tilbake

Onsdag 3. mai klokka 18.00-20.00 blir det spikkeaktivitet på naturmøteplassen til Driva 4H ved Holsavatnet. Leiv Sølvberg vert med å halde aktiviteten. Det er omlag 20 min å køyre frå Førde til naturmøteplassen som ligg ved fylkesveg 613 ved vestenden av Holsavannet. Det er to busslommar som ein kan parkere på, og vi oppfordrar alle til å samkøyre til aktiviteten.

Leiv vil syne oss korleis ein lagar seljefløyte og andre produkt i rått trevirke. Kle dykk etter været, og ta gjerne med eit sitjeunderlag.

Aktiviteten er open for alle, men medlemmane i Ung Husflid, i Driva 4H og i Midtre Sunnfjord husflidslag er ekstra invitert.

Håpar mange kan kome.

0