Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Vis fram handverksaktiviteten du driv med?
Du er velkommen på Vest-Telemark Museum og/eller Telemarkstunet sommaren 2022 !
Vest-Telemark Museum
Til husflidslag, spikkekarar, vevkjeringar, smedar og andre nevenyttige Handverk sommaren 2022 Museet ynskjer å halde fram med aktivitetar eit par dagar i veka også neste sommar. Allereie på nyåret vil me utforme eit framlegg til fordeling av dagar. Me sender dette ut alt no, slik at dei laga som vil handsame dette på årsmøtet har høve til det. For å nå ut til så mange av våre gjester som mogleg ynskjer museet å få publisera desse aktivitetane i sosiale media og nettsider i god tid. Difor treng me tilbakemelding frå dykk om kven som vil vera med og kva type handverk de viser fram. Dersom de har ein liten tekst om handverket de vil vise fram hadde me sett stor pris på det. Praktiske opplysningar Handverkarane/laga har fritt høve til å marknadsføre sin aktivitet og produkt, og selje desse under demonstrasjonen. Me oppmodar alle å legge til rette for at publikum, særskild borna, får prøve ut reiskap og skape noko med hendane. Alle som gjer ein innsats får eit årskort som gjev fri inngang på alle musea våre og halv pris på arrangement i regi av museet.
Ta kontakt med Mari Rorgemoen, mari.rorgemoen@gmail.com innan 20. mars.
Telemarkstunet.
Telemarkstunet blir ope frå 2. juli til 7. august.
Det er plass både ute og inne. Veving, spikking, smiing, dekorativ måling eller andre handverksaktivitetar. Her kan du selje dine produkt.
Ta kontakt med Ann Mari Jore, annmarijore@gmail.com
Til butikken
Din handlekurv er tom.