Du er logget inn som

 

SANKETUR: FRAMANDE ARTAR- FRÅ PROBLEM TIL RESSURS?

Tilbake

Aurland Husflidslag og Voss og Indre Sogn Sopp- og nyttevekstforening inviterer til sanketur for å lære meir om kva framande artar kan brukast til. Framande artar er «nye» i Norge. Det er lite kunnskap å finne om dei i tradisjonell norsk plantebruk.

Vi møtast på Aurlandvangen og sankar planter i gåavstand derifrå.

Vi startar med litt introduksjon om kva framande artar er og døme på ulike bruksområde.

På sankedagen finn vi framande artar vi har lokalt i Aurland og ser på ulik bruk: hovusakleg vil dette vere korleis vi kan nytte det vi sankar til mat, plantefarging eller fiber til ulik bruk. Vi lærer av kvarandre!

Du treng ikkje ha erfaring frå før – berre ta med nysgjerrigheit og kle deg etter vêret. Ta også med hagesaks, hanskar og boksar/posar /korg til å sanke i, og ein pose til avfall. Det er viktig å kaste det vi ikkje skal bruke på rett måte, slik at vi hindrar vidare spreiing.

Dato: 6. September kl 11:00-15:00

Stad: Utanfor Heradshuset (Helabrotet 2, 5745 Aurland)

Velkomen til ein dag der vi ser på framande artar med nye auge – som noko vi kan lære av, utforske og kanskje også lage noko av.

main image