Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
«Rundt bålet» på Telemarkstunet, spikk ein marshmallowpinne!
«Rundt bålet» Sommaraktivitetar på Telemarkstunet 2022. Rauland Husflidslag har valt tittelen «Rundt bålet» som uteaktivitet på Telemarkstunet i sommar, – både som metafor og som ein fysisk læringsarena. Det er rom for fysisk utfalding, øve motorikk, sosial samhandling, stimulere fantasi og skaparglede, bli kjent med ressursar som naturen byd på og vidareføre immateriell kulturarv. «Rundt bålet» set fokus på naturen som emnetilfang til ulike typar husflid, særleg knytt til tradisjonell tilverking av trematerialar.
På Telemarkstunet i sommar vert det høve for publikum til å spikke seg ein krok eller minkepinne, eller du kan lage ein marshmallowpinne, teste han etterpå og sjekke om han virkar.
Er du meir glad i dei mjuke materialane er det høve til å prøve brikkevev, lage band eller snorer. Me sjåast på Telemarkstunet kvar laurdag i juli.
Laurdag 25. juni Kl.12-15 Eli Wendelbo, Ann Mari Jore: Hoppetaug, brikkevev, snorer
Laurdag 2. juli Kl.12-15 Telemarkstunet Helge Bitustøyl: Karveskurd, spikking Handverkar frå Rauland. Medlem av tregruppa på Dyre Vaa
Laurdag 9. juli Kl.12-15 Telemarkstunet, Eli Vesaas og Mari Rorgemoen brikkevev, grindvev
Laurdag 16. juli Kl.12-15 Telemarkstunet Knut Våmartveit: Knivmakar frå Dalen, vil arbeide med skaft til kniv og slire.
Laurdag 23. juli Kl.12-15 Telemarkstunet Knut Våmartveit: Knivmakar frå Dalen, vil arbeide med skaft til kniv og slire.
Laurdag 30 juli Kl.12-15 og 31. juli Kl.12-15 Telemarkstunet Embrik Ødegård, Student på intrumentbygging, USN. Spikking av kaketester/potetstikke, marshmallowpinne m.m.
Til butikken
Din handlekurv er tom.