Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 22.08.2023

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 22. august 2023. Er det noko du lurer på eller vil vete meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Nytt frå Husflidskonsulenten

– Rødlisteprosjekt: Senger og Nordmørsåkler. Gruppa som har jobba med dette prosjektet har publisert artikkelen på husflid.no. Dei ynskjer å fortsette med arbeidet. Styret sjekkar om det finnast eit vedtak i arkivet vårt, om dette er eit lønna prosjekt.

– Oppfordring til alle lag om at dei legg turen innom Husflidhåndverkerne og evt kjøper gave/gevinst frå dei.

– Fylkeskommunen delar per dd ut eit utviklingsstipend i tradisjonshandverk. I år vart det gitt stipend til bygningsvern og båtbygging. Tidlegare har det eksistert eit Husflidsstipend.

– Regionslaget har sendt ut brev til alle lokallaga vedr organisasjonskurset.

– Nordic Craft Week (veke 36), tema: Lin. Digitalt møte, info vert lagt ut på NH.

– Møte på Landbruksmuseumet på Gjermundnes, torsdag 24.august.

– Vi bestiller t-skjorter til organisasjonskurset. Oransje til Kari F., raude til dei andre.

– Oppstart av Sula HL: Arrangere eit møte på biblioteket i Langevågen – 21.09.23. Markedsføres i Sulaposten, på plakatar og sosiale medier. Vi jobbar med å få med ein lokal bidragsyter på arrangementet.

– Medlemsavgift NH 50% i perioden 25. august-31.oktober. Ei ypperleg tid å verve nye medlemmar.

Runde rundt bordet – Kva har skjedd sidan sist?

*Ny mailadresse til MRHL. Ellers liten aktivitet pga ferieavvikling.

Oganisasjonskurs 7.-8. oktober – Vestnes Fjordhotell

Styret ynskjer å sponse valkomiteen med dagpakke. Kristoffer (Norges Husflidslag) og Kristin (Studieforbundet) deltek. Styretmedlemane stiller med NH t-skjorter. Ikkje-medlemmar kan delta på kursa på søndagen – til ein høgare pris.

Årsmøte 16. – 17. mars 2024, Ivar Aasen Hotell i Ørsta

Ørsta HL blir med. Hotellet er bestilt. Vurdere om Volda HL også burde vere med. Vi kaller inn til eit samarbeidsmøte litt seinare i haust.

Regionledersamling

27.-29. oktober (Gardemoen?) Leiar og skrivar deltek frå regionsstyret.

 

Eventuelt

–        Rundt bålet samling i Trøndelag. Styret ynskjer å sende vår Ung Husflid kontakt til denne samlinga.

–        Tips til arrangement for lokallaga: Kontakte Barnehage, forlenget foreldremøte – arrangere fikselaug.

–        Info om stipendordninga vår må sendast ut til alle lokallaga. Søknadsfristen er 1. november.

0