Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Her er eit resyme frå styresamlinga 16.-17. august 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.
Omorganiseringa av Norges Husflidslag Vi har motteke ei uttale frå Nordland Husflidslag vedr. omorganiseringa. Eit skriv som vi i fylkesstyret støttar opp om. NH skal ha eit styremøte den 21. august og vil behandle denne saka. Det er difor viktig at også Møre og Romsdal synleggjer konsekvensane omorganiseringa får for fylket vårt. Vi skriv ein uttale som vi planlegg å få sendt til styret i NH, husflidskonsulentane og regionleiarane innan mandag 18. august.
Det vert 3 ulike grupperinger i NH: Fagavdeling, Organisasjonsavdeling, Fellestjenester. Helene vert plassert i gruppa for fagansvarlege. Digitale dialogmøte med Fylkeskommunen kvart år, men fysisk møte på fylkeshuset ca. kvart tredje år, då med NHs direktør, regionleiar, husflidskonsulent og fylkeskultursjef til stades. Dette var sist gjennomført i januar 2023. Ho vil sitje i Kulturkretsen fram til sumaren 2026. Ikkje avklart om NH ynskjer å delta på Sunnmøre Strikkefestival. NH vil gje oss tilbakemelding, etter at strategien og planlegginga er lagt, kva for arr. som er aktuelle for dei å delta på. Ung Husflid vert muligens lagt under org. avd. Ung Husflid arr. kvart tredje år i Midt-Norge.
Kursleiarkurs, Checkin, lokallagsmail: Sende ut info, og følge opp tillitsvalgte i lokallaga.
Helene har teke kontakt med Randi Hole vedr. innslag på årsmøte. Styret vedtok at vi dekkjer reisegodgjerdsle og eit honorar til Randi.
Vi har eit arkiv hos IKA Møre og Romsdal (Interkommunalt arkiv). Anna tek kontakt med dei for å finne ut kva som er arkivert, spesielt om det står noko om Sunnmøre Husflidslag.
Nytt frå Husflidskonsulenten – Bunadsglede: utarbeide mønster og delta på fotosession. Materialakkane skal vere klar til Husflidsdagen 18. oktober – Nytt Husflidsmagasin under arbeid
Regnskap og budsjett v/Therece – Gjenomgang av regnskapstala. Vi ligg bra an iht. budsjettet som er satt. Vi har per dd kr 850’ på konto. Vi har motteke kr 428’ i stønad. Kr 252’ er oversendt til NH.
Organisasjonskurs 4.-5. oktober Det vert 3 kurs på søndagen: Pilfletting – Mariann Hestenes (Kari assisterer kurslærar) Ullbroderi – Tove Øverås Kjelsvik (Therece assisterer kurslærar) Restegarn/Tamburering/Interlock-hekling – Janne Wie (Gunvor assisterer kurslærar) Programmet er satt og oppgavene er fordelte. Vi får testa ut Checkin for første gang. Janne tek kontakt med Eini for kvalitetssikring, og om ho kan delta på org. kurset. Det er reservert ca 40 plassar på hotellet
Eventuelt – Ung Husflid Instruktørkurs 24.-26. april 2026. Info må sendast ut til MR og TR om endra dato. – Møteplan hausten 2025: 8. september (digitalt) – 13. oktober – 10. november – 8. desember – 12. januar – 9. februar – Sunnmøre Strikkefestival 14.-15. mars – Årsmøte 21.-22. mars
Til butikken
Din handlekurv er tom.