Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 19.02.2024

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 19. februar 2024. Er det noko du lurer på eller vil vete meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Hosebandkurs hos Aukra HL
– 4-dagers ansattsamling på Honne
– Korrekturlesing – ny utgave av Husflidsmagasinet – som kjem snart
– Tekstilsymposiumet med rødlisteteknikkar
– Fagdagar i Bunad og Folkedrakt (Bunadsbruk – Unesco)
– Stønad frå Fylkeskommunen har økt med 4,5%. Digitalt møte i april.
– MRHL var invitert til eit digitalt møte vedr. prosjektet «Kulturkrets i Møre og Romsdal» (ref. Idrettskrets). Intensjoner er eit sterkare felleskap, meir synlegheit, rettvis fordeling av midlar. Fysisk møte i april. Dekte kostnader ved deltakelse (Maks 2 personar frå kvar organisajon/lag).

Runde rundt bordet – kva har skjedd sidan sist?
Rakel: Valgt inn som styremedlem i Hustadvika HL
Therece: Utsatt årsmøte pga uvær. Forsett som leiar i Hareid og Ulsteinvik HL (15 år). Har delteke i prosjektet Ull og omtanke; strikkelappar som skal syast saman til tepper. PR dekning av journalistar frå Volda – Nærnett.
Gunvor: Har jobba med årsmøtet.
Anna: Har posta på fb/insta: Sett av årsmøtedato, Bli kjent med Janne og kurset: Enkel og dobbel grunnsaum for Vestnes HL. Artikkel om stipendmottakar er lagt ut på nettsida med lenkje frå fb/insta. Utsendt info ang årsmøte/valgnemd + innkallinga. Per dd 11 påmeldte og 5 årsmeldingar motteke. Det er fire medlemar som ønsker to overnattingar. Dei får tilsendt brev om at dei må ordne den først overnattinga sjølv. Delteke på det digitale møtet vedr Kulturkrets i Møre og Romsdal. Delteke på årsmøtet til Sula HL, saman med Therece. Legg ut møtereferata fortløpande. Må kjøpe ny protokollbok.
Kari F: Har fått inn eit nytt styremedlem i lokallaget (frå 4 til 5). Skal i gang med knivkurs der bl.a asylsøkarar deltek. Har delteke på eit Ung Husflids møte (digitalt).
Kari V: Har gått ut av styret i Molde HL.

Regnskap v/Therece
– Regnskapet til signering av alle i styret. Må leverast tilbake til Bugge Revisjon. Gjeld frå NH (2021) på kr 61 000,- er ordna.

Utmelding av Norges HL, dokumentasjon fra Straumsnes HL
Brev frå NH er motteke. Straumsnes HL er lagt ned. Egenkapital på kr 94 000,- vert brukt på barn og unge i kommunen. Laget må fjerne all logomerking til NH innan ein månad. Kari F tek kontakt med medlemane i laget og inviterer dei til Tingvoll HL. Medlemane må sjølve endre tilhørigheit til sitt lokallag.

Årsmøte i Ørsta
– Etter lunsj på laurdag: Årsmøtedeltakarane må delast i to grupper. 1. Omvisning med guide i lokala til lokallaget, kaffe og kaker. 2. Besøke stoffbutikk. Eit lokalt gardsutsal skal ha eigen stand på hotellet. Utlodning. Program fram til kl 16.30. Diskusjon kl 17-18: Kva ynskjer deltakerne at MR skal bidra med / Framtidssenarium: Korleis ser laget ditt ut om 10 år, kva for aktiviteter har dykk og kven er medlemmane.
– Stig Ulv underheld med lyrikk/musikk på nynorsk (Skal ha middag).
– Ellen Folkestad deltek frå NH. 2 x Dagpakker (ikkje frukost/overnatting)
– Årsmøtepresentasjon (ynskje om 17% medlemsøkning). Æresmedlem. Gullnåla. Husflidsdag: Grønn Sløyd.
– Fikselaug: Stopping (Helene), Broderingspynt (Therece (stramei)/Kari F), Bretta papirhjarte (Anna)
– Gruppearbeid sundag. Kva er tema her? Helene + Ellen F frå NH.
– Mangler fortsatt ein person til valgnemda. Gunvor tek kontakt med Kristiansund HL
– Oppmøte fredag 15. kl 17.00 (Gunvor, Therece, Rakel, Kari F, Anna, Helene)
– Hugs å ta med t-skjortene på årsmøtet

Eventuelt
*Kari F. og Helene deltek på Ung Husflid instruktørkurs i Selbu 5.-7. april.
* Vi legg ut fb post på vår fb sider vedr instruktørkurset.
*Ved utsendinga av oppdatert program, ta med info om at deltakarane må ta med seg stoppenål, broderingsnål og evt noko som kan reparerast /pyntast (for hand).

0