Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Orientering/samtale med valgnemda Leiar Gunvor hadde samtale med valgnemda i forkant av styremøte. Valgnemda tek ein prat med Therece og Anna som er på valg.
Evaluering av organisasjonskurset Tilbakemeldingane var veldig positive, og at dei fleste vil behalde delinga med ein dag organisasjonskurs, og ein dag praktiske kurs. Kanskje legge inn meir avbrekk i organisasjonsdelen. Avslutninga kunne hatt ei meir høgtidleg ramme. Kurslærar kunne fortalt meir om kursa, og utdeling av kursbevis der ein og ein kom fram.
Møre og Romsdal kulturkrets Styret godkjente samarbeidsavtale for utvikling av regional kulturkrets (mail 4. okt.) Anna sender tilbakemelding til Steinar Andre Rinde, prosjektleiar Møre og Romsdal kulturkrets.
Regnskapet ved Therece Therece informerer om ståda så langt. Vi kjem mest sannsynleg til å gå i null ved årsslutt. Husk å lage budsjett for dei to neste åra til årsmøtet.
Samarbeidsavtalen mellom regionlaget og husflidskonsulenten Det må setjast av tid til eit samarbeidsmøte med Husflidskonsulenten. Referat må skrivast frå møtet. Avtalen vart signert av Gunvor og Helene. Anna sender den signerte avtalen til NH.
Regionlagets inspirasjonstreff Leiar har ikkje motteke informasjon om treffet på Nordmøre 24. november. Husflidskonsulenten deltek på dette arrangementet. Tema vert luffarsløyd og juletrebretting. Viktig at styredelegatane frå regionlaget snakkar opp og representerar fylkeslaget – og ikkje sitt eige lokallag. Sunnmøre hadde 1. samling laurdag 2. november. Vellykka arrangement, positive tilbakemeldingar på at dette er ei viktig og inspirerande samling. 2. samling bør arr. før årsmøtet. Therece tek kontakt med Ørskog/Skodje HL for betaling av mat per deltakarar. Romsdal skal ha 1. samling 11. januar i ytre og 1. februar for indre.
Deltaking på Sunnmøre Strikkefestival – Kva skal regionslaget bidra med? Tekstilteknikker, raudlisteprosjekt, noko med garn. – Kan vi få til ein time midt på dagen, og ikkje mot slutten av dagen som sist? – Kan lokallaget ha live demo med ein spanande teknikk? Therece sjekkar. – Skal vi sjekke ut nokon som driv med veving/farging av garn? Marit Dørum Løvseth frå Haram HL vart nevnt (maritgd på insta).
Nytt frå Husflidskonsulenten – Anna sender kopi av søknadsteksten til Helene. – Vert det fleire bunadsfeiringar frå Sunnmøre den 6. desember? – Forslag til 3 digitale kurskveldar hos Helene. For dei som treng meir opplæring iht nettsida, kursportal etc. Helene lager eit utkast til neste styremøte. – Det vert Midt-Norsk Ung Husflid Instruktørkurs på Hell 25.-27. april. Kven deltek frå regionlaget? – Jubileumsfeiring: Kari kjem med forslag til ide på MRHL si fane. Vi bør ha to/tre personar som skal jobbe med dette prosjektet. Kva skal vi arrangere/lage, kven vil sitje i komiteen? – Mykje endringar i NH, data, omorganisering etc. – Ellen Krageberg vedr statsbudsjettet for 2025: https://husflid.no/statsbudsjett-2025/ – Handboka lansert på Regionledersamlinga. Pdf på nettsida. – Helene skal skrive årsmeldinga til NH. – Har besøkt Sula HL vedr. grindvevkurs og 30 års feiring. – Har delteke på Lindagen på Tingvoll, Fylkeskulturkonferansen, Bunad i Vinden (Ålesund), Romsdalsmuseumet (utsilling/debatt), Tekstilkomposium sammen med Kari, Fagdagane i Bunad og Folkedrakt (Asker). – Skal delta på personalsamling i Stavanger i januar.
Stipend – Utsatt til styremøtet i desember. Dette gjeld også referat frå Regionledersamlinga.
Eventuelt – Styret må gjere eit vedtak iht Anna Marie sin avgang, slik at vi får korrigert opplysningane i Brønnøysundregisteret. – Årsmøte: Therece har tatt kontakt med Mary Moen i Surnadal HL. Hotell er ok. Bør Husfliden i Surnadal og ein eller fleire av Husflidshandverkarane inkluderast på årsmøtet? Forslag til utstilling: Nåleputer i ulike teknikkar. – Oppforde lokallaga til å bruke instagram for å nå ei yngre målgruppe.
Til butikken
Din handlekurv er tom.