Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 17.06.2024

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 17. juni 2024. Er det noko du lurer på eller vil vete meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Melhus, foredrag om Sprang (raudlisteteknikk) og info om nålbinding og brikkevev
– Landsmøte i Bodø
– Fagdagane i Bunad og Folkedrakt 28.-29. okt. Bånd og broderi / drakthistorie
– Tekstilsymposium – kursene er snart fulltegna
– Foredrag Nordmøre Husflidsbutikk Foredrag/demo under generalforsamlinga til Stiftelsen Husfliden Nordmøre (eigar av Husfliden Surnadal og Norsk Flid Husfliden Kristiansund) Alle laga på Nordmøre representerte. Tema var NH, Raudlista og nålbinding.
– Team Næring i NH – Liste med tiltak inn mot butikkane, oppstart i august.+

Runde rundt bordet – kva har skjedd sidan sist?
Landsmøtet i Bodø:
Veldig kjekt å få vere delegat på landsmøte. Fin variasjon mellom kultur, utstillingar og møter. Litt redusert «Biennal-åpning» av Holdbart-konkurransen. Bygget var ikkje klar for åpning, dermed vart det ei mindre utstilling med 9 ulike handverksprodukt på hotellet. Vinnaren vart Jon Fredrik Skauge med flotte linvevde dekkebrikker. (https://husflid.no/vinner-holdbart-handverk-23-24/).
Flott opplevelse på Kjerringøy Handelssted, Jektefartmuseum med bunadsutstilling, utstilling om fiskerkona og salgsutstilling av husflidshandverkarar frå Nordland. I tillegg var det også ei stor salgsutstilling av husflidsvarer frå dei 45 lokale husflidslaga i fylket. Bunadstog frå hotellet til domkirka, med flott korkonsert, grillfest i storteltet fredag, festmiddag på hotellet laurdag.
Bra tal frå vervekampanjen i fjor haust. Ca 80% valgte å fortsette som medlem. 38% av dei kom inn i eit verv.  MRHL må sende inn endringsvedtok om at honorar vært flytta foran budsjettet. Ved neste landmøte bør vi vere samde om kva vi meiner om
dei ulike sakene som er melde inn landsmøtet – før vi reiser.

Styreleiar Barbro Tronhuus Storlien gjekk av og Agnete Sivertsen vart valgt inn som ny leiar. Tina Eckeroth frå Molde HL / Husfliden i Kristiansund vart valgt inn som butikkrepresentant i landsstyret. (https://husflid.no/valgkomiteens-innstilling-2024/)

«Bunad» er valgt som satsningsområde for 2025-26. Neste landsmøte vert i Oslo.

Evaluering av «Holdbart-dagen» 8. juni
Ein flott dag, veldig kunnskapsrik og dyktig kurshalder på skinnkurset, Husflidshandverkar Solbjørg Kanestrøm. Deltakarane fekk farge, prege og sy bl.a ei knivslire. Sykurset vart avlyst pg.a. få påmeldte, dermed fekk deltakarane gå over til skinnkurset. Deltakarane tok med eigne nistepakke, det fungerte bra. Viktig å ta med tang neste gang ein skal sy i skinn.

Organisasjonskurset 21.-22. september
Vi brukar same modell som i fjor. Organisasjonskurs på dag og fagkurs på dag 2. Forslag til tema: Makramé og billedvev (kursleiar Bjørg Hustad). Har nokon ein ide eller to om andre alternativ som ikkje handlar om garntråd? Janne og Helene møtast (digitalt) denne veka for å lage til eit infoskriv som må sendast til lokallaga.

Jubileum 2026
– Oppfordre lokallaga å lage eigne faner.
– Kalender med ulike oppskrifter (raudlister?)
– Hefte med presentasjon av alle lokallaga i fylket
– Kanskje MRHL skal lage si eiga fane og lansere på neste årsmøte i 2025.
– Ta fram skapkassene igjen – sette inn fysiske og aktuelle husflidsprodukt/teknikkar.
– Vi treng fleire idear og gode innspel…

Eventuelt
*Kulturkonferanse i september i Molde (Fylkeskommunal). Gunvor og Helene deltek.
*Inger Elisabeth ville gjerne ha info om Inspirasjonstreffet på Nordmøre og kva som er forventa at lokallaga skulle bidra med. Gjennomgang av Helene sin flotte presentasjon. Vi må huske å invitere valgkomiteen til desse treffa.
* Tidlegare år har MRHL arrangert turar til Danmark, Sverige etc. Kan dei arrangere nye turar?
*Neste styremøte vert mandag 2. september på Vestnes.