Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 04.11.2025

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 4. november 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Samtale med valgnemda
Valgnemda, Helene og Gunvor hadde eit eige møte i forkant av styremøte. Gjennomgang av kven som er på valg, og forberedning til ein prat med styrerepresentantane som er på valg. Desse er: Gunvor, Janne, Kari og Gerd.                      

Referat frå regionleiarsamlinga
– Therece og Gerd hadde ei fin og kjekk helg i Asker. Dei deltok på utflukt i regi av Bærum Husflidslag, til Wøyen gård, som hadde mykje trearbeid å vise til bla. Ølhøner.
– Therece deltok på leiarmøte, og vart utfordra å fortelle om kva vi i MRHL meinte om omorganiseringa i NH. Tydeligheit og gangen i prosessen kunne ha vore betre var alle einige om. Positivt at alle regionlaga var på kopi av breva til NH.
– Email-løysinga på husflid.no skal avventast
– Oslo HL har store planar for landsmøtet – berre å glede seg.
– Statsbudsjettet har satt av 15 mill, 2,2 mindre enn i fjor.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Ansattsamling; samarbeid regionlag. Revurdere korleis vi jobbar framover (ulike praksis i regionlaga). Avtalen gjeld så lenge den ikkje vert endra. Ein bør vurdere ny avtale saman med leiar til Helene, Arild. Kva for ein funksjon skal Helene ha på årsmøte då ho er underlagt Fagavdelinga og ikkje organisasjonsavdelinga? Regionsstyret har ansvar for sitt nedslagsfelt, ansvarsfordeling av lokallaga på styrmedlemane (dvs 4 lokallag per repr i MRHL).
– Fagdagane i Bunad og Folkedrakt, Lillehammer. Foredrag med Mary Moen som presenterte bunadsskjorter frå Sunndal.
– Speed date i Kristiansund, Normoria. Raudlistefokus. Helene viste sprang. Vestnes, Averøy og Kristiansund HL deltok.
– Har besøkt Surnadal HL; komfortabel med det digitale på husflid.no. Deltok på styremøte i forkant.
– Skaparkonferanse 31. oktober. Jubileumsåret i MR i 2029. Ny konferanse neste år.
– Broderikurs, sommarkurs alder 13-26 år. Hulda-broderi. Dei manglar kurslærarar, har vi forslag til lærarar?
– Bunadglede webinar. Helene har sendt ut masemail til alle lokallaga tidlegare – no overlet ho utsendingane til styret.
– MR Kulturkrets: utarbeidd vedtekter i styringsgruppa. Noregs Mållag var ikkje nøgd med nynorsken i vedtektene. Helene deltek i AU/interimstyret fram til stiftinga sommaren 2026. Ved formelt val av styre, kjem Helene ikkje til å stille som kandidat. Om nokon skal representere MR Husflidslag der må det bli nokon frå regionstyret, og uansett må det då veljast ny kontaktperson.
– Jobbar med handbok i Bunadglede.
– Ny strategisk plan til høyring.
– Husflidskonsulentane i Nordland, Troms og Oppland vert ikkje erstatta.
– Møte Linn Kamilla Drågen ang. draktregistrering i ytre Romsdal.

Eventuelt
– Vi har inngått avtale med eit nytt revisjonsbyrå: Romsdal Revisjon, vår kontakt er Kristin Bergseth.
– Stipend: Vi har motteke 5 søknader i år. 4 av dei har ikkje oppfylg krava om at deira læring skal kome andre til gode i form av kurs, foredrag eller liknanade. Anna sendar ut mail, og ber dei om tilbakemelding innan 1. desember. Rapport bør sendast inn i etterkant.
– Mail vedr utmerkelse bør sendast til post@husflid / anne@husflid (Anne Langmoen).