Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 13.11.2023

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 13. november 2023. Er det noko du lurer på eller vil vete meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Møte med valgnemda

– Viktig at valgnemda veit kva for funksjonar vi treng i styret.
– Eit eige skriv må sendast ut til alle lokallaga med spesifikk fokus på dei under 30 år. 
– Eige skriv til våre medlemar under 30 år (filtrering på lagsendinga på heimesida): vi treng deira digitale kompetanse og evt bidrag til Ung Husflid.
– På sikt sjå etter framtidige leiarar.
– To av dei som er på valg er frå Nordmøre; bør evt nye styremedlemmar kome frå denne regionen, eller skal kompetanse stille sterkare?
– Korleis skal vi få fram nye kandidater, slik at valgnemda kan velje frå øverste hylle.
– Lista til det nye styret må vere klar til 1. mars.
– Styret er ansvarleg for eit nytt medlem til valgnemda.

 

Runde rundt bordet – kva har skjedd sidan sist?

Gunvor: Deltatt på Regionledersamling.
Janne: Besøkt Vestnes HL og Bygdekvinnene i Rauma. Aukra HL skal arrangere eit Kick Off for miljøet i april. Tema; Holdbart med stryking av bunadsskjorte, fikselaug, restegarn etc. Ynskjer at Regionsstyret er med på dette arrangementet!
Ellen: Nytt frå eige lokallag: Kurs i bunadsbroderi, julemesse, stand for husflidsinteresserte, ung husflid med spikking, Berte Melle kurs (brodering/montering), montering av herrebunad.
Anna: Deltatt på Regionledersamling.

 

Nytt frå Husflidskonsulenten

Besøkt Ålesund HL – Fair Isle strikking og organisasjonslære.
Webinar Norsk Flid: «Usynleg stopping» saman med husflidskonsulent frå Hordaland.
– Deltatt på Regionledersamling. Hadde ein ekstra dag saman med ansatte i NH, der dei bl.a. testa ut komposisjonsmaling, spikking med meir.
Organisasjonsveka 30. okt-1. nov. 30-40 deltakarar per kurs (inkl. ansatte). Få deltakarar frå fylket vårt. Nye org.kurs vert arr. i mars/april 2024.
– Er med i arbeidsgruppa for NH «Tekstilsymposium 2024» Skal finne stad i Skien i oktober neste år; fordrag, utstillingar, debattar. Plass til 300 deltakarar.
Arbeidsgruppa for Rødlista planlegg tiltak i 2024. Skal Regionslaget involverast? Ein eigen rødlistedag med presentasjon av prosjekt som er i gang, hjelp til å komme vidare, 4 timars småkurs i rødlisteteknikkar. Arrangere inspirasjonsdagen etter påske eller i samarbeid med Aukra HL sitt arrangement.
Sula HL skal ha medlemsmøte neste veke, og planlegg årsmøte😊 Skal delta på «Opplev Sula» der laget kan presentere seg saman med andre lag og org.
Nytt Rødlisteprosjekt frå M&R; Bunadsbrodering – Rauma HL.
– Ny runde med «Alt kan fiksast» er lagt ut på heimesida. Oppfordrar lag som ikkje har delteke før om å søkje materialpakken.

 

Regnskapet

Vi må sette ei maksgrense for utsending av faktura etter eit arrangement – 3 månader? Viktig at regnskapet vert ein fast post på agendaen vår på styremøta – slik at vi har kontroll på korleis vi ligg an økonomisk. Oversikt over halvårig regnskap må framleggast på siste møte før ferien, og fullstendig regnskap siste møtet før jul.

 

Regionledersamling 27.-29. oktober, Gardermoen

Det var ei kjekk samling i Oslo. Gunvor, Helene og Anna deltok. Kulturpolitikk ved Kjersti Gangsø, studieforbundet. Normkreativt kræsjkurs med tema inkludering. Besøk til Ullensaker HL. Drop-in kurs: «Fiks og få» (Alt kan fikse)s og «Spikking av smørekniv» (Rundt bålet). Immaterielle kulturarven 20 år. Holdbart-kampanjen.
– Helene hadde ein heis-pitch med Frank Stenløs, fylkespolitiker frå Venste.

Gunvor deltok på AU møte:
– Utarbeide ein mal mellom Regionstyra og Husflidskonsulentane, mange av lokallaga har ikkje besøk av konsulentane.
– Lagsending til alle medlemane. Ikkje alle ledarane i lokallaga som sender vidare til sine medlemmar.
– Magasinet har ikkje vorte utsendt til alle medlemane.
– Landsmøtet: NH planlegg eit strikketog frå Trondheim til Bodø.
– Merkedager i 2024: Klesbyttedagen 27. april og Husflidsdagen 4. mai.

 

Årsmøte 16.-17. mars 2024

Gunvor har delteke på eit medlemsmøte i Ørsta HL. Dei ynskjer å bidra med loddsal og ein ting til alle deltakarane, samarbeide med Volda HL og kome med forslag til kulturelt/underhaldning på årsmøtet. Kan leiar delta på eit styremøte hjå lokallaget? Varsling om årsmøtedato må sendast ut 8 veker før, dvs. innan 19. januar. Anna sjekkar om vi har liggande navneskilt.

 

Stipend

Vi har motteke kun ein søkjar til stipendet vårt. Styret gir dermed heile stipendet på kr 10 000,- til Siri Hetland Myrset for Vev – Modul 2, Rauland, lerretsvarianter. Styret må endre ordlyden i skrivet som vert sendt ut saman med søknaden (Skrivet er frå 2017). Vi må ta med forpliktelsen; halde kurs, utstilling, foredrag (pkt. 4) i søknadsskjema, og pkt. 7 må omskrivast. Dette må godkjennast på årsmøte. Anna tek kontakt ned Siri og spør om vi kan lage ein artikkel til heimesida og sosial medier. Bilder frå vevkurs, av Siri og kanskje eit sitat. Synlegegjere stipendiaten også på årsmøtet.

 

Eventuelt

*Første styremøte i 2024 vert 8. januar.
*Årsmøtevarsel må sendast ut innan 19. januar.
*Det nye styret møtast ein laurdag, hjå Helene, og gjennomgår dokument som må endrast og nye som må lagast (2024).
*Årsmøteprotokollen vart aldri utsendt til lokallaga. Anna sender ut desse snarast.
*Neste styremøte vert mandag 11. desember kl 17.00. Vi møtast på Vestnes, hos Husflidskonsulenten. Nestleiar Rakel er ordstyrer på dette møtet då Gunvor ikkje deltek på dette styremøtet.