Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Her er eit resyme frå styremøtet 13. oktober 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.
Evaluering av kurshelga 4-5 oktober Bra tilbakemelding frå deltakarane. Bra med pauser på laurdagen. Pausematen var plassert kun på det eine fagkurset, ikkje alle deltakarar på dei andre kursa var oppmerksame på dette. Kunne vore servert litt pausemat på søndag mellom lunsj og avslutning. Åse Uran frå valgkomiteen deltok.
Årsmøte og markering av jubileum Gunvor skal delta på eit planleggingmøte med Voll og Rauma Husflidslag. Tove deltek også, dersom ho har anledning. Det har vore diskutert omvisning på Rauma garn eller evt. Konfeksjonsmuseumet i Isfjorden. Kuvertgave er i boks. Faner: Vestnes HL er allereie ferdig med si fane.
Nytt frå Husflidskonsulenten – Ekspedisjonstur til Aukra HL: materialkunnskap/bærekraft – Fylkeskulturkonferanse i Fosnavåg (stor fokus på friluftsliv). Fosnavåg skulle hatt eit eige husflidslag. Kan vi få til ein evt oppstart her? – Invitasjon til Skaparkonferanse 31. oktober. Jubileumsåret 2029. – Gofo møte (Voksenopplæringsforbundet) 21. oktober. Dagskonferanse. Tilretteleggingstilskudd. Voksenopplæringspris. – MR Kulturkrets: utarbeidd vedtekter i styringsgruppa. Helene sender mail til styret. – Avdelingsprat med leiar Arild Larsen. – Midt Norsk Instruktørkurs: Helene kan halde kurs på dette arr. – Magasinet, korrektur og tekstproduksjon generelt (nynorsk), nettbutikk, faglig lærar i bunad, bunadsglede, handboka i bunad, instruksjonsfilmar, webinar. Koordinator i vevstekikkar i Trøndelag. Uttalelser og høringar. Fagartiklar, juriering, husflidshandverkarane. – Kulturkonferansen, deltek til den er oppe og står (juli 2026). – Tore-stova i Eidsdalen: vev-utstilling – Besøk av mastergrads-student i tradisjonskunst: Skillbradsåkler. Draktregistrering: Bunadsopplæring, Feltarbeid. Koble regionslaget på oppfølging/engasjement? Gerd sjekker med lokalt sogelag. – Normoria, Kristiansund. Speed-date i raudlisteprosjekt. Husflidsdagen, div. teknikkar, drop-in. – Broderikurs, sommarkurs alder13-20 år. Hulda-broderi. Er det nokon som kan stille som kurslærarar? – Fellestjenester: reduksjon bruk av mail. – Årsstatistikk: ingen innsending av årsmelding. Fylles inn digitalt innan 1. mars. Til årsmøte: lage ein kortversjon av årsmeldingsaktivitetane frå lokallaga. Mal må sendast ut til lokallaga.
Forberedelse regionleiarsamling 24.-26. oktober – Therece og Gerd må gje tilbakemelding til Agathe om tema for 5 minutts presentasjon under leiarsamlinga. Viktig at vi er tilstade på regionssamlinga og kan svare på evt spørsmål vedr omorganiseringa og om vår uttale sendt til NH.
«Høring Bunadspolitisk plattform» – Regionsstyret har valgt å ikkje sende kommentarar vedr. denne høringa. Høringsperioden er 1. nov.-15. februar strategisk plan (vedtekter).
Eventuelt – Therece tek kontakt med Sunnmøre Strikkefestival. Janne kan bidra med foredrag. Kva ynskjer dei at vi skal bidra med? – Neste møte 10. november. Invitere valgkomite. Dei kjem kl 16 og møter Gunvor før vi andre kjem kl 17.
Til butikken
Din handlekurv er tom.