Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 10.02.2025

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 10. februar 2025. Er det noko du lurer på eller vil vete meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Inspirasjonstreff våren 2025
Positive og fine tilbakemeldingar frå dei ulike samlingane. Regionstyre-representantar bør besøke lokallag som slit og som uttrykker ynskje om at dei treng hjelp. Hugs å melde in treffa som kurs til STK. 10.000 søkjarar så langt i år, derfor bør ein søke støtte snarast. Tilbakemelding om få medlemsfordelane, dei er meir tilpassa medlemmar i Oslo-området.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Vintertreff på Voksa – Næringstreff
– Bunadsgruppe, frå Bølandet, ynskjer å starte opp eit lokallag. Dei deltek på årsmøte til Eigarlaget 1. mars. Oppfølging av Hareid og Ulstein HL.
– Telefon frå Sula HL ang. vanskeleg å få med nye i styret. Helene deltok på årsmøtet. Det har heldigvis ordna seg med eit nytt styre.
– Styreleiar Agnethe, kjem fredag kveld. Tina køyrer henne til Surnadal. 2 timar er satt av til NH under årsmøte. Styreleiar ynskjer å snakke om Unesco og det nye satsningsområdet til NH. Presentasjonstida vert delt med Tina og Helene.
– Bekymring: Budsjettet vårt bør vere over 700.000, då støtta vår mest sannsynleg vert 350.000. Faktura frå årsmøtet bør gå til MRHL, for så å fordele til lokallaga.
– Kulturkrets; nytt møte om 14 dagar
– Opplæring i Checkin. Anna har admin. Superbrukarar er Eini og William, dei treffast på
support@husflid.no
– Digital førstehjelpkurs – 5 personar deltok på første møtet – matnyttig. Ledig plass på neste møte 25. februar
– Strikkefestilval i Ulsteinvik helga før årsmøte. Skal dette vere ein prioritert og viktig møteplass for MRHL, så bør vi vere representert og synleg. Kven deltek frå styret?
– Helene har 20-40% avsatttid  til lokalarbeid

Årsmøte 2025
– Lokallaga har kontroll på underhaldninga, kuvertgåve, loddsalg, utflukt til Husflidsstova og husflidsutsalet.
– Therece sjekkar om dei vil lede middagen ogl arrangere den praktiske aktiviteten.
– Helene har gruppeaktivitet under sin presentasjon: rekruttering, mangfold, ta imot nye medlem. Vi forsett med trekking av kor vi skal sitje, slik at vi vert kjent med fleire.
– Vi printar ut årsmøtepapira kun til styret. Alle deltakarane skal få tilsendt papira på mail. Påmelding innan 21. februar. Tabelloversikt ned dagpakkar, festmiddag og årsmøte med pris. Dersom det er lokallag som ikkje har meldt seg på, så skal styrerepresentantar frå området ta kontakt.
– Therece går gjennom budsjettet for 2025-2026.

Høring ang. rabatt på kurs
Anna har motteke eit par tilbakemeldingar. Fristen er 20. februar. Det må sendast ut purring når fristen for tilbakemelding nærmar seg. Samla tilbakemelding skal sendast til NH innan 28. februar.

Eventuelt
– Ny leiar i Hustadvika: Synnøve Valle
NB! Vi rakk ikkje å snakke om punkta under. Dette må avklarast på neste styremøte
– Mangfoldsplakaten, Tormek-slipekurs – Kari
– Dato organisasjonskurs, 4.-5. oktober?
– Jubileumskomite. Kven blir med her?