Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 09.02.2026

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 9. februar 2026. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Vedtekter for Møre og Romsdal Kulturkrets
Økonomisk avklaring i mars. Fylkeskommunen skal finansiere. Vi har ingen kommentar til vedtektene. Helene vert med fram til stiftelsesmøte før ferien (Janne er vara). MRHL ynskjer å delta vidare og vil be om invitasjon til stiftelsesmøtet. Skrivar sender email med tilbakemelding.

Driftstilskot frå fylkeskomunen og ny avtale med NH
Gunvor i dialog med Ellen K. Håper at vi kan få til eit møte saman med Ellen og fylkeskommunen i for- eller etterkant av årsmøte. Den gjeldande avtalen mellom NH og MRHL er 72/28. NH har foreslått ny avtale på 50/50 som skal erstatte denne frå i år. Som ein konsekvens av ny avtale – må vi lage to budsjett til årsmøtet? Kva kan vi bruke desse 77 000,- til: stipend raudliste medlemsverving øke stipendet vårt stipend til Ung Husflid?

Sunnmøre Strikkefestival
Laurdag formiddag: speed date, kurs på ettermiddagen frå kl 14-17: Hoseband (Therece), Tamburering (Janne), Gimping (Randi), Fikselaug (Tove). Foredrag søndag med Janne. Eigen stand med vervemateriell, husflidsprodukt, teknikkar.

Honorar til Randi Hole vedr. kartlegginga ho gjer
Randi får dekt reiserekning og kr 1 000,- for foredraget. Styret vedtek å gi eit honoraret, i tillegg, på kr 5 000,- pga stor innsats, viktig og godt arbeid.

Årsmøte 2026
– Tove og Gunvor har hatt møte med våre samarbeidspartarar til årsmøtet (Voll og Rauma). Referat er skrevet av Tove. Lokallaga og ordføraren ynskjer å få taletid i starten av arrangementet, dermed må vi starte kl 11.00. Dei ynskjer å laga plakat av årsmøte-programmmet, ok for oss. Vi må ordne med treklyper til oppheng av vottane. Lokale handverkarar bidreg med salsutstilling.
– Vi har motteke ei sak frå Skodje og Ørskog Husflidslag (etter vår frist, men vi
tek det med). Dette må inn i sakspapira.
– Gerd set opp kurset i Checkin, slik at vi får sendt ut link til påmeldinga. Vi forleng siste frist frå 20. til 27. februar.
– Oppdatert program må også sendast til Ellen K.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Jobbar med fagtekster på nettsida. Er det noko ynskje om tema?
– Neste utgåve av husflidsmagasinet: Tre. Magasinartiklar, korrektur.
– Raudliste – ny ressursside på NH: https://husflid.no/fagsider-/rodlista/dokumentere/
– Liabygda vevstove har teke kontakt. Dei ynskjer å vere med i ei organisert gruppe i sitt område. Kan det vere aktuelt for Storfjord HL eller Nordal HL?
– Vi har fleire tettbygde området i fylket vårt. Her er det plass til fleire lokallag: Fosnavåg – Sykkylven – Aure (Smøla).
– Iht ny samarbeidsavtale kan Husflidskonsulenten kun delta på 2-4 arrangement i året.

Eventuelt
– Vi har no 7 lag som driv med Ung Husflid i MR.
– Pdf av regnskapet er oversendt til styret for digital godkjenning.
– Anna må legge ut postar på fb/instagram ved Midt-Norsk
– Neste styremøte vert torsdag 26. februar kl 17.00