Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 08.12.2025

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 8. desember 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Utdeling av stipend
I år fekk vi fem søkjarar til stipendet vårt. Vi bestemte at alle søkjarane skulle få tildelt stipend, dermed vart det kr 2 000,- på kvar av dei. Skrivar sendar mail til søkjarane, med kopi til kasserar.

Midt-norsk Ung Husflid Instruktørkurs
Utsettast til styremøtet i januar, då både Janne og Kari var fråverande. Komiteen utarbeidar ein plan som presenterast for resten av styret. Ved fråfall må ein annan frå styret inn i komiteen.

Årsmelding til lokallaga
Skrivar sender ut ein mail på nyåret med forklaring på kva som skal sendast inn vedr. årsmelding, både til NH og til MRHL.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Webinar iht Bunadglede
– Handboka jobbast det med, utsatt til nyåret
– Raudlista (utviklingsoppgåve)
– Velfortjent juleferie
– Ung Husflid pris: MRHL bør vurdere å sende inn forslag til kandidatar i kategoriane: Ung inkludering (innvandrere), Ung ildsjel – person og Ung nykommar (Averøy HL). Kanskje Kari vil sjå på dette og sende inn søknad?
– Målsetjing 2026: medlemsauke, alle i styret skal delta på org.kurs, oppfordre styret til å ta eierskap i møteplasser i fylket.
– Statsbudsjettet 2,2 mill mindre enn i fjor. NH har i reforhandlingar fåttt 1,5 mill til
😊

– Mindre stønad er avsatt frå fylkeskommunenn. NH vil muligens la regionlaget behalde ein større andel av totalstønaden. Vi må rapportere kvart år. Informere fylket når det utarbeidast ein ny kontrakt med Helene. Gunvor: Har valkomiteen fått i oppdrag å endre honorar til styret i samband med dei endringane som kjem – og som fordrar at styret får meirarbeid? Innstillinga må meldast inn, slik at det blir bakt inn av det gamle styret. Etter valet, vedtas eit nytt forslag om å omfordele kostnadane.

Referat frå Vofo konferansen
– Tove deltok på møtet på Aasentunet i Ørsta. Følgande tema stod på dagsorden: Språk og identitet, digitalt, felleskap, demokrati, å lese meir (Leiar i Aasentunet). Frivilligheit, ung og ungdom (Dnt). Gatemekling, dialog og lytting (Røde Kors). Voksenopplæringspris, alle treng å hjelpe til (Kirkens SOS).

Referat frå planleggingsmøte med Rauma HL og Voll HL
– Planlegginga er godt i gang. Det vert utlodning, salgsutstillingar to alternative ekskursjonar, aktivitet, kuvertgåve, musikk og foredrag om MRHL gjennom 40 år.
– Delegatane tek med vottar til utstilling.
– Oppfordring om å ha på bunad.

Saker sendt til høring frå NH
– Utsatt til neste styremøte i januar.
https://husflid.no/wp-content/uploads/2025/11/Norges-Husflidslag-Landsmote-2026-Forberedelser.pdf

Eventuelt
– Strikkefestival. Vi kan få 20-30 taletid på scena. Vi får eit rom tilgjengeleg. «Dekorasjon på tøy» er aktuelt no, raudlista, drop-in verkstad som i fjor. Gimping (Randi), Therece deltek, Helene deltek ikkje. Er det fleire frå styret som kan delta?
Bør settast på agendaen til neste styremøte.
– Forslag om digitalt teamsmøte den 17. januar? Vi ser an veg og føre når dato nærmar seg. Det fordrar at alle er godt forberedt dersom det vert digitalt møte.
– Møtegodtgjerdsle. Kva regler har vi for dette? Dagskurs, regionleiarkurs, deltagelse ved arrangement. Skal det vere forskjell på honorert styrefunksjon kontra ikkje honorert? Ikkje vore diskutert tidlegare. Skrivar tek kontakt med AU for å høyre kva andre regionlag håndterar dette.
– Reiserekning bør sendast til Therece snarast muleg.
– Julehelsing må sendast ut til lokallaga, frå leiar.