Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Her er eit resyme frå styremøtet 8. september 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.
Årsmøte og markering av jubileum Vi har booka hotell og har dialog med lokallaga (Rauma og Voll). Vi skal sende ut ei påminning til alle lokallag vedr. fana og dato for årsmøtet. Viktig at vi også nevner fanene og årsmøtet på org. kurset. Ellen Krageberg vert invitert til årsmøtet. Skrivar har sjekka med IKA arkivet, info er oversendt til Helene. Komite årsmøte: Anna, Gunvor, Gerd, Tove.
Midt-Norsk Instruktørkurs Forslag om at vi skal lage vektøya sjølve til dei kursa som skal arrangerast. Tema: raudliste – bunad. Garn – tekstil – tre (for eksempel spikking). Ta utgangspunkt i dei aktivitetane som står på nettsida til Ung Husflid. Skrivar sender ut info om endra dato til MRHL og TRHL. Vi må sende forespørsel til NH dersom vi ynskjer at dei skal bidra med eit foredrag. Komite: Kari, Therece, Janne.
Forslag om endring av vedtekter Janne og Kari har har laga eit forslag til endring av vedtektene, som skal sendast til NH, i regi av Tingvoll HL. Janne og Gunvor har i tillegg formulert eit brev som underbyggjer det som Tingvoll HL har oversendt. Begge breva er sendt til NH v/Ellen Krageberg – innan fristen for vedtektendringar (15. september).
Nytt frå Husflidskonsulenten – Tur til Oslo – ansattsamling – Fagartiklar til nettsida, utviklingsprosjekt, besøkt Aukra HL, Fylkeskonferanse, skal ha møte med Ellen K. vedr. Helenes engasjement i Fylkeskommunen. – NH treng nye, engasjerte folk til styret. Har vi forslag til kandidatar? – Helene er valgt inn som vara til ansatterepresentant. – Legge til rette for drøfting av bunadsplattformen. Korleis gjer vi dette iht lokallaga? – Regionslaget set dette på agendaen i oktober eller november.
Orientering frå møtet med NH Regionsstyret har hatt møte med NH-styret vedr uttalen på omorganiseringa i NH. Gunvor, Therece, Gerd, Tove og Anna deltok frå regionstyret. Ellen K., Ellen F. og Agnethe deltok frå NH. Vi gjennomførte møte der Agnethe las opp avsnitt for avsnitt, og vi fekk anledning til å kommentere etterkvart. Vi vart lovd ei skriftleg tilbakemelding frå møtet.
Regionleiarsamling – Regionledersamling i Asker, 24.-26. oktober – Therece og Gerd reiser.
Div. orienteringssaker – Inspirasjonstreffet i Romsdal er flyttet til laurdag 11. oktober – Eini frå NH, deltek på org kurset med Checkin + evt email på husflid.no – Få påmeldingar til org. kurset, må vi avlyse? Det ordnar seg etter flott innsats frå styret.
Eventuelt – Vi må velge eit nytt revisjonsbyrå, då Bugge skal legge ned.
Til butikken
Din handlekurv er tom.