Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Her er eit resyme frå styremøtet 7. april 2026. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.
Presentasjonsrunde – Nye styremedlemar og sitjande styre presenterar seg.
Konstituering av det nye styret Tove – leiar Anita – nestleiar Therece – kasserar Gerd – studieleiar Ann-Charlott – skrivar Kari – Ung Husflid kontakt Anna – nettansvarleg
SKT representant: Gerd, med Tove som vara.
Evaluering årsmøte/Checkin Gjennomgang av tilbakemeldingane frå deltakarane: positivt, litt langt foredrag, fleire valgalternativ: kurs/aktivitet/spasertur, meir utfyllande årsrapport frå MRHL, sørge for betre kontroll på lydanlegg. Anna oversender evalueringsskjema til alle i styret. Evaluering frå styret: vi må starte tidlegare med årsmøtemateriellet. Bestille eit digitalt møte med Eini vedr Checkin. Sørge for at fanestativa kjem til Vestnes og Helene. Anna oversender vedtaket på innkomen sak vidare til styret i NH
Landsmøte i Oslo 4.-7. juni Desse reiser til landsmøtet: Tove, Kari, Anita, Ann-Charlott, Gerd (torsdag – søndag).
Fylkesstrategi for kultur – høyringsinnspel I tillegg til Ellen Krageberg sine svar på høyra, skal MRHL legge ved ei uttale. «Beredskap» skal vi inkludere i tilbakemeldinga, og gleden ved å delta, meistring. Punkt 4 Beredskap og handverk er det same. Kulturarv er fysisk, det er ikkje immateriell kulturarv. Truslar: KI, skjermtid, hjelpelause, «kløner». Anna set opp forslag til skrivet for godkjenning i styret, før utsending.
Samarbeidsavtale mellom NH og MRHL Fordeling av fylkeskommunalt driftstilskot. Styret vedtek at vi inngår ein samarbeidsavtale og signerar avtalen (Tove og Ellen K.)
Samarbeidsavtale mellom Helene og MRHL Vi må setje opp ei liste over kva for arrangement vi ynskjer at Helene deltek på: årsmøte, org.kurs, inspirasjonstreff (2 i halvåret) mm. Vi må avtale eit møte med Helene sin leiar, Arild Larsen.
Kulturkretsen Stiftingsmøte 11. juni. Arbeidsutvalet (her sit Helene) fortset som interimstyre fram til oktober. Ann-Charlott erstattar Janne som vara, og sit fram til oktober. Helene og Ann-Charlott deltek på stiftingsmøtet.
Organisasjonsveka 13.-15. april Digitale møter. Anna sender ut påminning til alle tillitsvalgte. Alle i styret bør delta på desse møta.
Møteplan Lunsj til lunsj møte for styret 9.-10. mai – Ulsteinvik (haustplanlegging – bli kjent). 15. juni – styremøte. Rapport til fylkeskommunen bør skrivast – frist 31. juli.
Overføring av info frå gammalt til nytt styre MRHL har fylgjande aktiviteter i år: 24.-26. april – Midt Norsk Ung Husflid Instruktørkurs (Åndalsnes), landsmøte, regionleiarsamling (okt), strikkefestival, årsmøte, org. kurs (okt), inspirasjonstreff, Kulturkrets, fylkeskommunale møter, Vofo (SKT møteplass), Ung Husflid (holdbart-dag), evt oppstart av nye lokallag (Gjemnes, Smøla, Herøy, Sykkylven). Sjekke pris på Teams som kommunikasjonsplatform.
Nytt frå Husflidskonsulenten – Deltek på org.veka med raudlista onsdag – Kafewebinar ECO – knipling – Magasinet (lagt ut denne veka) – bunad – Siste innspurt på handboka – Raudlistgruppa – fysiske kurs – Nyhetsbrev/webside info (spikke eit spel – UR) – Relansering av sharepoint og epostlagring på husflid.no – Raudlistekandidat – frist for påmelding er 30. april. Tove sender inn forslag på Stasvotten – evt. ber Averøy om å sende inn sjyvotten.
Til butikken
Din handlekurv er tom.