Du er logget inn som

 

Referat frå styremøte 07.04.2025

Tilbake

Her er eit resyme frå styremøtet 7. april 2025. Er det noko du lurer på eller vil vite meir om, så er det berre å ta kontakt med oss i Møre og Romsdal Husflidslag.

Konstituering av det nye styret
Leiar – Gunvor Dyvik Friisvold
Nestleiar – Tove Øverås Kjelsvik
Skrivar – Anna Solli (Assistert av Tove)
Kasserar – Therece Herstad
Studieleiar – Janne Wie (Assistert av Gerd)
Ung Husflid – Kari Kristin Folden
Styremedlem – Gerd Villadsen
– Valgnemda bør starte med å finne ein aktuell kandidat for neste års leiarrolle.

Årsmøte 2025 – evaluering
Resyme frå evalueringsskjema:
– Positive tilbakemeldingar frå deltakarane
– Vi må finne fram klubba vår
– Manglande info om at det ikkje var tilgjengeleg årsmøtepapir til deltakarane.
– Ynskje om meir oversiktleg framstilling av tala i regnskapet
– Utflukt: må informerast klart og tydeleg vedr transport og adresse. Lokallaga bør ynskje deltakarane velkomne og informere om lokala og kva for aktivitetar  / kunnskap / raudlisteprosjekt dei har. Husflidsbutikken burde bl.a. presentere kva for bunader dei syr og kva som er unikt frå deira område.
– Betre koordinering med samarbeidslaget. Ein i styret bør få tildelt dette ansvaret.
– Forslag til kurs: kursleiarkurs, pilfletting, makrame.

Møteplan våren 2025
– Styresamlinga vert 16.-17. august.
– Neste styremøter: 12. mai og 2. juni

Evaluering av deltakelse på strikkefestivalen
– Vellukka samling med foredrag,eigen  stand og drop-in med raudlisteteknikkar.
Bra tilbakemelding frå arrangør om at dei gjerne vil at vi skal delta neste år også.

Regionledersamling
– Janne og Tove deltek på regionledersamlinga på Hell.

Nytt frå Husflidskonsulenten
– Gladmelding: NH har per dd 23 000 medlemar. MR har 1222 medlemar (april 2025).
– Organisasjonsprosess: Endeleg sluttresultat skal konkluderast 28. april. Resultatet vert lagt fram til alle ansatte 14. mai i Oslo.
– NH har fått 6 mill. frå Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet «Bunadglede». Prosjektet skal øke kunnskapen om bunad og spre entusiasme for tradisjonshåndverk til ungdom og unge voksne. Målet er at flere unge skal bli kjent med egen kulturarv. Helene skal jobbe med dette prosjektet.
– Har hatt kurs, besøkt lokallag og delteke på inspirasjonstreffa i fylket.
– Invitere Eini til org. kurset i haust vedr. kursportalen Checkin.
– Mail vedr vedtekter: Forslag til endring må sendast inn til NH innan 15. september. Våre to forslag til vedtekstendring (pkt. 8- medlemsfordeling og mangfold) bør settast på møteplanen til styresamlinga i august.
– Høringsplan vert sendt ut frå NH vedr Bunadspolitisk platform og strategisk plan.
– Er med i styringsgruppa, og har delteke på møte i Kulturkretsen. Janne er personleg vara for Helene.
– Telefon frå Ann Charlott Marie Sommer Ekelund, fagansvarlig hos Nordmørsmusea vedr eit speed-date med ein raudlisteteknikk i veke 42. Fredag 17 eller 18. okt. (Husflidsdagen) i Kristiansund.
– Skrivar sender ut årsmøtepapira til Helene og NH (innan 10. april) + årsmøte-protokollen til alle lokallaga. Info om lokallagsfaner bør også sendast ut til alle.

Eventuelt
– Vi har motteke ein mail frå fylkeskommunen ang ein konferanse: ABC for god og inkluderande psykisk helse. Som mottakar av stønad frå fylkeskommunen er vi oppfordra til å møte. Kari deltek på denne konferansen 27. mai i Molde.
– Vofo MR med samarbeidstjeneste OT + Nav. Eit prosjekt for å forhindre utanforskap for dei mellom 15-30 år, der dei ynskjer ein oversikt over aktuelle kurs dei kan delta på.
– Gunvor tek kontakt med Rauma HL og Voll HL vedr årsmøte 2026