Du er logget inn som

 

Pilflettingskurs

Tilbake

Agatunet og Folgefonn Husflidslag arrangerer pilflettingskurs på Agatunet 1. – 3. april 2022.

 

main image

Lærar Hege Iren Aasdal er korgmaker, og er no stipendiat for Handverksinstituttet der ho fordyper seg spesielt i korger i splitta materiale. På kurset lærar me grunnleggjande teknikkar i korgfletting. Det vert undervist i mellom anna ulike sideflettingar og påsetting av hank mm. Ein kan flette ei rund eller oval korg og velgja mellom ulike løysinger på hank eller handtak.

To veker før kurset vert pilen lagt i bløyt, sein påmelding er difor ikkje mogleg.

Pris er 4200/3700 kr. (medlem Norges husflidslag). Lån av naudsynt verktøy, kaffi og te og to varme måltid er inkludert i prisen. Materialkostnader ca. 500 kr. Medlem av Folgefonn husflidslag får 500 kr. rabatt. Ta med deg forkle, tollekniv og hagesaks.

Plass til minimum 6 og maksimum 8 deltakarar.

Praktisk arbeidsform.

Overnatting må ordnast privat.

Målgruppa er nybegynnar til noko øva.

Påmeldingsfrist 25.02.22.

Avmeldingsfrist 11.03.22.

Påmelding:

Line Iversen +47 94 49 69 84 

www.agatunet.no

0