Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Tysdag 4. februar inviterte vi til ope hus i det nye lokalet vårt på Tognatun. Kvelden vart ei varm og hyggeleg markering av ny start for Stryn Husflidslag, med godt frammøte, fine samtalar og ekte husflidsglede.
No har vi endeleg flytta inn i nytt lokale i Tognatun, Tonningsgata 15 i Stryn, og det måtte sjølvsagt feirast! Mange tok turen opp i 3. etasje for å sjå dei nye lokala våre, slå av ein prat og bli betre kjende med arbeidet vi driv med i Stryn Husflidslag.
Det var stor stas å ønskje både medlemmer, nye fjes og andre nysgjerrige velkomne. Kvelden baud på enkel servering, god stemning og engasjerte samtalar om aktivitetane våre, kurs, handarbeid og vidare planar i laget. Vi set stor pris på alle som tok turen innom og var med på å gjere dette til ei fin markering.
Vi er også glade for at lokalavisa Fjordingen tok turen og viste interesse for det nye lokalet og arbeidet vårt.
Har du lyst til å bli med vidare – anten som medlem eller deltakar på kurs og arrangement – er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med oss. Vi gler oss til mange kjekke stunder i det nye lokalet framover!
Til butikken
Din handlekurv er tom.