Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Velkomen til læringsverkstad for vev
21. og 22. februar, kl. 10.00–16.00 i Leirvikstova
Velkomen til læringsverkstad for vev i regi av Stord Husflidslag!
Målet vårt er å skape eit fagleg og sosialt miljø for vev. Hovudfokuset vårt er tangentvev og dei mange moglegheitene som ligg i denne teknikken, men verkstaden er open for ulike innfallsvinklar og interesser. Tanken er at innhaldet skal vekse fram i fellesskap, ut frå det deltakarane ønskjer å lære, prøve ut og fordjupe seg i.
Ambisjonen er å møtast ein helg i månaden, byggje kompetanse over tid og skape eit levande vevmiljø der det er rom for både spørsmål, prøving og fordjuping.
Du treng ikkje vere ekspert – det viktigaste er interesse, nysgjerrigheit og gleda over å veve.
For spørsmål, ta kontakt med:
📞 Randi E. Isdal – 926 98 807
📞 Lone K. Myrvold – 950 83 620
Vi gler oss til å veve, lære og utvikle oss saman!
Til butikken
Din handlekurv er tom.