Du er logget inn som

 

Ny læringsverkstad i nålefilting

Tilbake

Etter kurset i mars var det fleire som var interessert i å starte ei gruppe/ læringsverkstad i nålefilting, og det vil derfor bli starta ei gruppe til hausten.

Stad: Hagerupshuset, Leirvik, kl. 17.30 – 21.00

Datoar: 02.9, 07.10, 04.11 og 02.12 blir siste før jul

Læringsverkstad er for dykk som har gått på kurs, eller for dei som har litt erfaring med nålefilting frå før.

Her tar de med utstyr sjølv, – det er ingen lærar tilstades. De lærer av kvarandre, og utvekslar felles erfaringar.

Det vil og bli eit nytt kurs i haust, dei vil og få informasjon om nålefiltingsgruppa, og høve til å vere med.

Er du medlem i Norges husflidslag, – kan du benytta deg heilt fritt av tilbodet, – er du ikkje medlem, betalar du 200; pr semester ( halvår)

Alle som er med må registrere seg på eit felles frammøteskjema. Dette blir sendt inn til studieforbundet kultur og tradisjon ( SKT) – då får me litt støtte til å drive laget og.

Oddrun Øwre har sagt ja til å vere kontaktperson for gruppa.

Dersom du har spørsmål kan du ta kontakt med Studieleiar Anne Marie Fimreite tlf. 92043985 (sms)

Velkomen!