Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
MELLOM HIMMEL OG HALM
Tradisjonshandverk og kunst inspirert av halmarbeid
Seljord husflidslag og Seljord kunstforening viser på denne utstillinga det store spennet av uttrykk med røter i ein gamal handverksteknikk.
Kunstlåven i Seljord 1.-31. juli
Ope kvar dag 11.00-17.00
Om utstillinga:
Halmarbeid er eit tradisjonsrikt handverk med røter langt attende i tida. Også i dei øvre delane av Telemark finn me eksempel på dette. Halmkruna frå Hovland i Hjartdal, som av Rikard Berge er tidfest til mellom 1660 og 1700, er eit særs fint eksempel. Ei slik halmkrune kunne ha namn som: verdens uro, lysekrune, julekrune eller himmeli. Symbolikken ei slik krune førte med seg var også rik. Olav Bø skriv i boka Vår norske jul (1994): « Stundom vart det sagt at når kruna var i rørsle, og det var ho mest jamt, då vart heksene skremde og våga seg ikkje til.» Halmen symboliserer god grøde og mat i heimen. Når halmkruna vart hengt opp over bordet til jolefeiringa, var det høgtid i stoga, og mange teikn vart tekne av røyrslene til julekruna.
Halmkruna frå Hovland i Hjartdal er no i Telemark Museum si eige og er merkt av høg alder og skøyr halm. Hausten 2025 vart husflidshandverkar Mari Bryhni leigd inn for å lage ei ny halmkrune med inspirasjon frå den gamle. Den nye kruna vert no brukt i formidlinga av joletradisjonar på Telemark Museum.
Seljord husflidslag har i år fått låne denne halmkruna og viser ho som del av utstillinga Mellom Himmel og Halm i Kunstlåven i Seljord.
Utstillinga viser også halmarbeid og himmeli av tradisjonshandverkar Mari Bryhni og kunstobjekt med inspirasjon frå himmeliteknikken og andre bindingsteknikkar av kunstnar Gjertrud Hals.
Seljord husflidslag og Seljord kunstforening er glade for å vise dette store spennet av uttrykk med røter i ein gamal handverksteknikk.
Gjertrud Hals
Gjertrud Hals (f.1948) er oppvaksen opp på Finnøy i Romsdal. Karriera hennar som biletkunstnar byrja i 1975, med deltakinga i «Norsk tekstilkunst i dag» i Oslo Kunstforening. Etter nokre år med biletvev, tok Gjertrud til å eksperimentere med forskjellige typar fibrar, og etter kvart også tredimensjonale former. Det internasjonale gjennombrotet hennar kom på slutten av 1980-talet, med «Lava», ein serie
monumentale krukker støypt av papirfibrar. Det blei starten på eit liv med reiser, utstillingar og innkjøp til offentlege og private samlingar i Europa, USA, Japan og Kina.
Hals arbeider med ei rekke forskjellige teknikkar og materialar: silketråd, trerøter, metalltråd og papir blir vevd, tvinna, støypt og strikka. På denne måten uttrykker ho seg og skaper «sitt eige rom» i ei kompleks verd.
Våren 2026 vart Gjertrud Hals tatt ut som ein av 30 finalistar til den prestisjetunge internasjonale prisen Loewe Craft Prize. På utstillinga i National Gallery Singapore (14. mai-13. juni), viser Gjertrud Hals ein serie med handstrikka og handfarga krukker i stort format.
www.gjertrud-hals.no
Mari Bryhni
Mari Bryhni (f. 1953) er husflidshandverkar, bur i Løten og arbeider framleis som ernæringskokk på sjukeheimen som tilkallingsvikar. Det meste av tida til Mari går likevel til husflid.
Bryhni har arbeidd med halm sidan 1975 og var på det første kurset i 1983: på Säterglentan i Dalarne. Sidan har ho gått mange kurs med ulike kurshalderar og tilegna seg mange teknikkar innan halmsløyden. Mari likar å bruke materialer ho finn i naturen og er spesielt opptatt av tradisjonen med å lage halmkruner. Halmen ho brukar er rug som ho kjøper frå Bengsfors i Sverige, men Mari har også dyrka sin eigen rug. Mari held kurs i halmsløyd i ulike husflidslag rundt om i landet. Av andre handverksfelt er ho opptatt av brodering.
Mari Bryhni viser fleire nylaga halmkruner på utstillinga i Kunstlåven i sommar.