Du er logget inn som

 

Medlemsmøte i Midtre Sunnfjord husflidslag, 17.11.22. Tema skinnfell.

Tilbake

Velkomen til medlemsmøte i Halbrendhuset på Sunnfjord museum, torsdag 17. november klokka 19.00-21.00.

main image

På dette medlemsmøtet skal vi lage julepynt i skinnfell med trykk (pris er 50 kr pr produkt om du er medlem i husflidslaget, 100 kr pr produkt om du ikkje er medlem). Det vert servert vafler med stort utval i syltetøy. Til åresalet er vi takksame for gevinstar. Møtet er ope for alle. Ta gjerne med ein ven. Dersom nokon av medlemmane ynskjer å hjelpe til på aktivitetar i laget, så gje beskjed (det kan vere vaffesteiking, på fikselaug, på Ung husflid…).

Fint om alle som har tek med litt utstyr til å lage julepynt i skinnfell med på medlemsmøte 17.11.22:

  • Spiss, skarp, lita saks
  • Fingerbøl
  • Kleklyper eller papirklyper
  • Litt store pepperkakeformer i forma stjerne, hjarte, sirkel

Husflidslaget stiller med skinn, maling, skinn nål og lintråd.

Dette vert kjekt. Velkomen.

0