Du er logget inn som

 

Medarbeidersamling, 11.-13. mars 2022 på Nord-Karmøy

Tilbake

Me ønskjer velkommen til medarbeidarsamling på Nord-Karmøy i samband med årsmøtet i mars. Styret har som vanleg sett saman eit kjekt, variert og lærerikt program for helga. Eit gjennomgåande tema dette året er sying.

 

main image

Foredrag – opne for alle interesserte:

Turi R. Galta, som kom heilt til finalen i Symesterskapet, skal både halda føredrag om Omsorgsfull saum, og vera kurslærar.

Ingrid Ebne vil fortelja oss om sitt personlege prosjekt: 52 plagg på 52 uker.  

 

Kurs for deltakarane:

Kursa varierer frå finare handsaum for den fingernemme til tøffe sting i skinn. Alle kursa har eit haldbart og bærekraftig grunnlag.

Fleire av kursa krev at du har med eigen symaskin.

Kurs nr. 1      Zero waste kjole – Turi Rudningen Galta

Kurs nr. 2      Gjenbruk av skinn/pels – Ruth Johansen

Kurs nr. 3      VØLT – Heidi Bjørnsdatter Thorvik

Kurs nr. 4      Symaskin og overlock: dine gode hjelpere i redesign og gjenbruk – Singer Sysenter v/Lishild Nesheim

Kurs nr. 5      Sy i skinn – Henny Drange

 

Invitasjon til samlinga blei sendt ut omlag 10. januar og påmeldingsfristen er 15. februar.

0