Du er logget inn som

 

Laurdagskafé i partalsveker

Tilbake

Velkomen til laurdagskafé i vårt lokale i Alversund gamle skule.

Adresse: Nedre Alver 2, Alversund
Kaféen er open frå kl.11.00-14.30.

Dette er ein uformell møteplass for både medlemmer og andre som ynskjer å treffa andre handarbeidsglade over ein god kopp kaffi. Handarbeidet har også sin plass på laurdagskafé. Her vil du alltid finna nokon som å spørja dersom du står fast i arbeidet.

Stundom har me også tema, og dette vert då informert om her på nettsida. Kom gjerne med ynskje på neste laurdagskafè eller send oss ein e-post Nordhordland.husflidslag@outlook.com

Denne hausten er det laurdagskafé;:
Veke 42: 17.oktober
Veke 44:  31.oktober
Veke 46: 14.november
Veke 48: 28.november
Veke 50: 12 desember

Helsing
Nordhordland Husflidslag
Ingrid Eidsnes, Maria Sundal og Sigrun B Rambjør

 

 

main image

PS! Me treng fleire kafé vertar, og det er strålande om du tar kontakt!