Du er logget inn som

 

Lær å brodere små miniatyrfolk på kler

Tilbake
Lær å brodere små miniatyrfolk på kler.
Kathrine Gregersen kjem heim og held kurs for oss. Ho lærer oss korleis me kan brodere små mennesker direkte på kler som dekor eller for å dekke flekkar eller hol.
Ta med det du vil vil brodere på som t-skjorte, genser ,tøynett eller skjorte?
Kurset passar både for nybyrjarar og erfarne. Kathrine stiller med alt me treng av materiale og utstyr.
Kathrine er ei dyktig kurshaldar, og ho viser oss steg for steg korleis vi skal brodere. Nettopp difor er dette kurset og for deg som aldri har brodert før.
Du må og å ta med deg ei broderisaks/ saks, og sjølvsagt godt humør!
Kurset vert holdt i Leirvikstova Laurdag 05.09 kl 13-16. ( Bandadalsplassen 2A)
Kurset har plass til 15 stk
Pris for medlemmar i Norges husflidslag: 550;
Pris for ikkje medlemmar: 650;
Kurset vert støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon. Stord husflidslag må ha nok påmeldte for å gjennomføre kurset.
Bindande påmelding innan 03.09.26 ( kl 22.00) til Anne Marie Fimreite, tlf 92043985 ( gjerne sms)
Kom og ver kreativ i lag med oss!
  • Velkommen på kurs!😀
main image