Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Kurset går over 15 timar på følgande datoar og klokkeslett:
Fredag 24.3 kl 18.00-21.00
Laurdag 25.3 kl 9-15.00
Søndag 26.3 kl 9-15.00
Stad: Sande skule, kunst og handtverkssalen
Kurshaldar: Tanja Myklebust
Har du ein gamal rokk som du gjerne skulle ha lært deg å bruke? På dette kurset lærer du å spinne på din eigen rokk, eller du kan låne rokk av husflidslaget. Du lærer om stell og vedlikehald av rokken og bruk av rokken til spinning og tvinning. Om det er ynskje, kan ein også få ei innføring i bruk av handtein. Vi brukar ulike typar ull og forgarn på kurset. Dei som melder seg på kurs, vil få tilsendt utsyrsliste i god tid før kurset startar. Det er plass til 8 deltakarar på kurset.
Psst!! Eit superhot tips: Sunnfjord Museum kjem til å arrangere kurs i plantefarging i slutten av april 2023. No har du høve til å først lære å spinne gjennom MSH sitt kurs, kor du kan lage opp eigenprodusert garn som du seinare kan gå kurs i å farge, gjennom museet.
Men attende til spinnekurset:
Pris: kr 1200,- er du medlem i husflidslaget får du 20% rabatt på alle kurs. Du får e-post med betalingsopplysningar. Du kan kjøpe ull til å spinne av frå kurshaldar.
Meld deg på til studieleiar i MSH, Hilde Gartland, på e-postadresse: hilde.gartland@gmail.com Ved påmelding skriv kva kurs du vil melde deg på, namnet ditt, adressa di, mobilnummer og året du er fødd. Påmeldingsfrist 19.3.23.
Til butikken
Din handlekurv er tom.