Du er logget inn som

 

Kurs

Tilbake

Midtre Sunnfjord husflidslag har gleden av å tilby 3 kurs no. Meld dykk gjerne på.

Bunadskurs, rekonstruert damebunad

Kurshaldar: Kristine Wallevik

Stad: Lokala til Tekon/Friluftsbua, Naustdalsvegen 5, Førde

Tidspunkt: oppstart veke 42 (eller veke 43 hvis det blir knapt) kl 18.00-21.00, vekedag blir måndag eller onsdag, annakvar veke. Kurset er på 40 timar.

Detaljar: Kursdeltaker kjøper stoff hos Audhild Viken eller Torhild Håland. Dei kan ta mål og klippe, eller Kristine Wallevik kan hjelpe med klipping på kurset.

Pris:  3200 kr (ikkje edlem), 2560 kr (medlem).

Påmelding/info: 91598254 eller e-post hilde.gartland@gmail.com, innan 16. okt.

Vevkurs

Kurshaldar: Karianne Kleiven

Stad: husflidsrommet/vevrommet på Førdehuset

Tidspunkt oppstart: 18.oktober kl 18.00-21.00

Detaljar: første kurskveld blir brukt til informasjon, gå gjennom ulike oppskrifter og til å planlegge vevprosjektet ditt og til å bestille garn. Så er det 2 veker til neste kurskveld. Då har garnet komt og du kan gå i gang med prosjektet ditt. Kurset er på 40 timar men du kan nytte vevrommet og veve utanfor kurskveldane.

Pris:  3200 kr (ikkje edlem), 2560 kr (medlem).

Påmelding/info: 91598254 eller e-post hilde.gartland@gmail.com , innan 16. okt.

Kurs i toving

Kurshaldar: Tanja Myklebust

Stad: Sande skule

Tidspunkt: 22. oktober klokka 10-15 og 23. oktober klokka 10-15

Detaljar: På kurset lærer du våttoving av sitjeunderlag og tøfler. Vi nyttar lokal og ubehandla ull og kjøpt, farga ull.

Pris:  640 kr (for medlemar i husflidslaget) og 800 (for andre). 100 kr i materiale.

Påmelding: 91598254 eller e-post hilde.gartland@gmail.com innan 14.10.