Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Tilstellinga er for medlemmane i Aurland Husflidslag.
Det vert ope hus og kransebinding i Hopastova 24.november frå 12:00 – 20:00. Kom når det passar deg.
Målet er å laga mange fine julekransar som me sel på julemessa til inntekt for husflidslaget.
Me har samla inn mykje granbar og einer, men dersom du har sypress, buksbom, barlind eller anna grønt som kan eigna seg til kransebinding, er det fint om du tek det med. Ta også med hagesaks og hanskar om du har. Streng og ringar til å binda kransen på, har me i Hopastova.
Her er kaffi og te og litt å bita i. Alle som bind kransar på måndag, får med ein krans heim.
Me håpar du kjem innom!
Til butikken
Din handlekurv er tom.