Du er logget inn som

 

Husflidsmøte i Movika/Sunnfjord museum 28.11.23 – Skakke folkedrakter

Tilbake

Tysdag 28.11 klokka 19.00-21.00 vert det husflidsmøte i Movika/Sunnfjord museum. Først skal vi sjå vandreutstillinga «Skakke folkedrakter», som ikkje er ei draktutstilling. Utstillinga er eit opprør, så vel som ein hyllest til tradisjonshandverk og tradisjonar. Seks samtidskunstnarar har samen med tradisjonshandverkarar utforska og utfordra handverkstradisjonar, identitet og det å kjenne seg utanfor. Utstillinga er langt frå ei draktutstilling i tradisjonell forstand, men folkedrakter er gjennomgåande som eit symbol gjennom bruk av materiale, som inspirasjon og mønsterbruk.

 

 

main image

Kunstnarane har ein variert bakgrunn og i utstillinga møter du eit breitt spenn av kunst- og kulturuttrykk. Du møter bygdebøgen, tekstilkunst med limpistol, tradisjonelle flytande kjønnsidentitetar og sint bandvev. Målet er at utstillinga skal utfordre deg som publikum og få deg til å tenke på symbol og idear som har forma di og andres sjølvforståing og historie.

 

Les meir om utstillinga på Sunnfjord Museum sine nettsider: https://misf.no/sunnfjord-museum/opplevingar/skakke-folkedrakter

 

Du kan lese meir om dei ulike kunstverka på Nasjonalmuseet sine nettsider: https://www.nasjonalmuseet.no/artikler/kunstnerne-nor/

 

Etter at vi har fått omvisning i utstillinga, går vi til Halbrendhuset. Der har vi samtale om utstillinga, kaffi, vaflar, tid til litt handarbeid for dei som vil det og åresal. Vi er takksame for gevinstar.

 

Håpar mange kjem, og arrangementet er ope for alle. Velkomen!

 

Mvh styret i MSH