Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
2025 har vore eit år fylt med skaparglede, læring og fellesskap i Midtre Sunnfjord Husflidlaget. Gjennom året har vi arrangert ei rekkje kurs, verkstader og temakveldar som har samla både nye og erfarne handverksentusiastar.
Mangfald av aktivitetar Vi har hatt kurs i bunadsskjorte for både nybegynnarar og dei som er litt meir øva, to grindvevkurs, vevkurs, kurs i spinning, spikkekurs og takkebakstekurs. I tillegg har vi tilbydd kurs i rått trevirke, broderi-læringsverkstad og keramikk-læringsverkstad. Strikkekafé, aktivitetskveldar med garn og tråd, påskeverkstad og juleverkstad har gitt rom for sosialt samvær og kreativ utfalding. Vi avsluttar med eigen aktivitet under Jul i Førdehuset 13.12.25.
Samarbeid og kulturarv Gjennom året har vi hatt felles temakveldar om bunader i samarbeid med Sunnfjord bibliotek, husflidsmesse i samarbeid med Sunnfjord museum og redesignkveld under ungdomssveka i Førdehuset. Vi har også besøkt Eikaas-galleriet og fått omvising i utstillinga Livsnerve. etterfulgt med diskusjonen om korleis ta gamle vevmønster vidare inn i moderne tid har engasjert mange.
Vi har feira vårt 45-årsjubileum, delteke på medarbeidarsamling i Sogn og Fjordane husflidslag og vore representert på årsmøtet i Stadt kommune. I tillegg har vi hatt tur til Fjærland med besøk til den Store vevensom er satt opp – ein inspirasjonsreise for alle som er glad i handverk.
Nye prosjekt og framtidsplanar Vi er stolte over å ha fått tildelt 100 000 kroner i prosjektmidlar frå Bufdir til satsinga Kulturarv som kjelde til inkludering og kulturell samskaping mellom ulike generasjonar i Sunnfjord kommune. Dette gir oss nye moglegheiter til å skape aktivitetar som byggjer bru mellom tradisjon og framtid.
Vi er også samarbeidspartnarar i Folkeverkstaden og Handtverksløftet, og ser fram til fleire spennande prosjekt i 2026.
Bildekred: MSH
Til butikken
Din handlekurv er tom.