Du er logget inn som

 

Husflids- og handverksmesse 10. og 11. september 2022

Tilbake

10. og 11. september 2022 vert den årlege Husflids- og handverksmessa til Midtre Sunnfjord Husflidslag  og Sunnfjord museum gjennomført. Dette er ei messe der mangfald og kvalitetsprodukt har fokus.

main image

Det kjem utstillarar frå lokalmiljøet og lenger unna, som sel produkt i gamle tradisjonar og nye design/teknikkar, men også innanfor mat. I år er det venta 22 utstillarar, og dei sel og viser fram produkt mellom anna innan teknikkane/materiala vev, strikk, hekling, trearbeid, gjenbruk, toving, skinnfell, lappeteknikk, angora, ull, keramikk, sølv, stein, såper, hardangersaum, smykker og betongfigurar. I tillegg vert det mellom anna sal av saft, krydder, hudpleieprodukt og trykte bunadsforkle. Med andre ord ei messe med mangfald.

 

Det vert kafé med sal av heimelaga kaker og lefser. Messa er open frå klokka 12.00-16.00 begge dagar på Sunnfjord museum i Movika.

 

Inngangsbillett:

Vaksen, honnør og student: 75 kr

Barn: 25 kr

Familie (2 vaksne og barn): 200 kr

 

Håpar vi ser deg på messa. Hjarteleg velkomen.