Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
Måndag 7.september klokka 18 – 20 får me flott besøk i Hopastova. Berit Hagaseth Vee kjem med sjølvaste Huldreduken. Huldreduken frå garden Vee i Årdal er frå fyrste del av 1400-tallet. Duken er over fire meter lang og har broderte bordar i smøygsaum. Det er lin i både botnstoff og broderi. Det broderte mønsteret har mange symbol og teikn frå den gamle folkekulturen. Berit vil fortelja om duken og den spennande historia som høyrer til. Det vert enkel servering. Ver velkommen!