Du er logget inn som

 

Hulda Garborg kveld i Haugesund

Tilbake
6. mai 2026 kl 1900 på Biblioteket. Billetter på TicketCo
Bli med på ein kreativ kveld med broderi, sterke meiningar og god stemning!
Haugesund Husflidslag og Haugesund Folkebibliotek inviterer til ein litt annleis workshop der du får sy, snakke og bli inspirert – midt i ein kreativ verkstad med fokus på Hulda Garborg (1862–1934). Forfattarane og formidlarane Kathrine Gregersen og Birgitte Kleivset leiar kvelden.
Hulda Garborg var forfattar, bunadsentusiast og ein ekte pioner for både språk, kvinne­kamp og norsk kultur. Hulda sitt engasjement er brennaktuelt også i dag.
I løpet av kvelden får prøve deg på bunadsbroderi og bli betre kjend med Hulda. Du treng ikkje kunne brodere frå før – her er det rom for både ferskingar og dei som har sydd før.
Det er kun 30 plasser – løp og kjøp- få plasser igjen.
main image