Du er logget inn som

 

Hjelp! Vi treng minst 10 par sokkar!

Tilbake

Telemark Husflidslag skal ha utstilling på Dyrskun i Seljord 9. – 11. september. I samband med det skal det vera utlodding av sokkar. Rauland Husflidslag har ansvar for å skaffe minst 10 par sokkar. Kan du hjelpe?

main image

Tidlegare år har Rauland Husflidslag selt lodd på bok i samband med det årlege
lotteriet til Telemark Husflidslag (TH). I år ynskjer TH å prøve seg på eit sokkelotteri
på Dysku´n. Alle lokallag i fylket skal bidra med 10 par strikka sokkar (vaksen
storleik) til lotteriet. Me oppmodar medlemer om å bli med på denne
strikkedugnaden! De står fritt til å velje garn, form, fargar og mønster. De får
refundert utlegg til garn ved å levere kvittering til kasseraren vår, Sigrid Nykos.
Ferdige sokkar kan de levere til Eli Wendelbo, Eli Vesaas, Ann Mari Jore eller Mari
Rorgemoen innan 1 sept. Lukke til!

0