Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Dette er den andre av 6 handarbeidskveldar som Rauland Husflidslag arrangerer i vår.
Vi møtest tysdag 21. februar kl 1800 på vevsalen på Dyre Vaa huset. Har du ikkje kome i gang med noko handarbeid etter nyttår, møt opp og få idear til nye prosjekt! Denne kvelden er tema hekling. Om du er heilt nybegynnar eller du har hekla mykje før, du er velkommen!. Aslaug vil vise korleis ho heklar runde sitjeunderlag av restegarn. Du treng garn i omtrent lik farge, legg saman ca 10 trådar, litt avhengig av tykkelsen på garnet, bruk ei grov heklenål og set i gang. Har du ikkje nok av ei farge? Kanskje du kan bytte med dei andre?. Rauland Husflidslag har grove heklenåler, str. 9 – 12, til sals. Det har kome mange nye til Vinje kommune i det siste. Kanskje har du fått ein ny nabo? Bank på og spør om ho eller han har lyst til å bli med. Vil du ikkje hekle?. Ta med strikketøyet i staden.
Velkommen tysdag 21. februar kl 18! Gratis inngang.
Til butikken
Din handlekurv er tom.