Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
I haustferien, tysdag 11.10. onsdag 12.10. og torsdag 13.10., blir det ulike aktivitetar for born/ungdom på museet. Med utgangspunkt i tema «Sild og pota» blir det grafikkverkstad med potettrykk og haustblad på tekstilt gjenbruksmaterial. Saumverkstad med brodering og maskinsaum. Haustkrans av lyng/eple/småkryp. I tillegg skattejakt/escape og rebus på tunet. Charlotte Tvedte ,nytilsett på museet, har laga eit spennande opplegg for desse dagane.
Husflidslaget samarbeider og blir med på aktivitetane med saum/symaskin og kranselaging.
Ope tysdag 11.-12.og 13.okt.frå kl.11.00-14.00 !
Kven kan bidra med nokre timar enten på saumverkstaden eller med kranselaging?
Ta kontakt med ein i styret! På førehand takk!
Til butikken
Din handlekurv er tom.