Du er logget inn som

 

Halmkurs

Tilbake

Kurs i halmarbeid

Lag di eiga halmkrune med Mari Bryhni

2.juli kl 11-17 i Kunstlåven i Seljord

Arrangør: Seljord kunstforening og Seljord husflidslag

main image

På kurset får du innføring i dei grunnleggende teknikkane innan halmsløyd.

Du får lage di eiga halmkrune i tradisjonell stil med element frå halmkruna frå

Hovland i Hjartdal (1660-1700). Halmkruner (også kalla himmeli) har vore i

bruk i Norden langt attende i tida. Kruna er ein tradisjonsrik dekorasjon laga

av halm eller strå; gjerne rughalm. Kruna vart hengt opp i høve store høgtider

som jul, men vart også brukt til festdagar som bryllup, dåp og andre

merkedagar.

Tid: 2. juli kl 11.00 – 17.00

Stad: Kunstlåven i Seljord (inngang frå låvebrua)

Pris: Kurs inkludert materialer kr 1200 for medlemmer av Norges husflidslag

eller Seljord kunstforening, kr 1500 for andre

Ta med: Linjal, saks, kniv, blyant, forklede og niste

Anna: Det er ikkje sikkert du får laga ferdig kruna denne dagen, men du lærer

teknikkane slik at du kan gjera ferdig arbeidet heime.

Om kurshaldaren: Mari Bryhni er tradisjonshandverkar, husflidshandverkar og

halmentusiast busett på Løten. Ho har i meir enn 50 år vore interessert i

halmarbeid og har lang erfaring som kurshaldar i faget. Ho har gått fleire kurs

i halmsløyd i Sverige og produsert himmeli og halmdekorasjonar av ulikt slag

for sal gjennom ei årrekke. I 2025 stod Mari for rekonstruksjonen av

halmkruna frå Hovland i Hjartdal på Telemark Museum der det også var kurs i

teknikken.