Du er logget inn som

 

Førjulsdag med Midtre Sunnfjord husflidslag, laurdag 2.12.23 klokka 11-15

Tilbake

Laurdag 2.12 klokka 11-15 lagar vi tøfler, vottar eller anna av gamle ullplagg på ein førjulsdag med MSH i Halbrendhuset på Sunnfjord museum. Fint om dei som har gamle ullplagg (genser, ullteppe, skjerf) som ikkje lenger vert brukt vaskar dei i vaskemaskin på 30 grader med ei spiseskei grønnsåpe. Plagga må vere tova på førehand. Om ein ikkje har ullplagg, så sel MSH materialpakkar som ein kan få kjøpe til å lage produkt av.

 

Fint om alle tek med:

– knappenåler, synåler og tekstilsaks

– restar av broderigarn (om du har)

– knappar eller band til dekor (om du har)

– restar av ullgarn i ulike fargar (om du har)

– heklekrok

 

MSH stiller med mønster og malar, gløgg, kaffi og nystekte julebrød med brunost. Det blir åresal, så ta gjerne med ein liten gevinst. Vi ser fram til ein hyggeleg førjulsaktivitet i MSH. Arrangementet er ope for alle, og er gratis.

Håpar mange kjem.

Mvh styret i MSH

0