Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
Nettbutikk
Min side
Rauland Husflidslag presenterer seg på Dyrskun
Dyrskun 2026
Fredag 11. september 9 – 20
Laurdag 12. september 9 – 20
Sundag 13. september 9 – 17
I år skal Telemark Husflidslag ha stand i Hall A. Dette er nytt, tidlegare har dei hatt eit rom i Hall B ved sida av utstilling av det som er sendt inn til tevling.
Rauland Husflidslag har ei utstillingskasse om skal vise noko av aktiviteten i laget. I år er det Rauland Quiltelag som skal presentere seg.
Rauland Husflidslag skal hjelpe til med vakt og loddsal.
Rauland Husflidslag skal bidra med 18 gevinstar til loddsalet. Vi har fått inn 7 gevinstar og treng minst 11 til.
Ting som passar til gevinst er vottar, sokkar, hekla kosedyr eller liknande. Men og andre ting. Vitsen er at det skal vera ymse gevinstar å velje i både for vaksne og ungar.
Gevinstane kan leverast inn på vevsalen på Dyre Vaa huset.
Les meir om Dyrskueprogrammet her: Forside – Dyrsku’n