Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Du vil lære å sentrere og få øve på grunnleggjande dreieteknikkar. Me prøver å dreie fat, kopp og skål og ei form med lok. Intro til dekor og glasering.
I Hopastova seks tysdagskveldar. Første gong 21.oktober
Maks 6 deltakarar som vertdelt i to grupper:
1.gruppe (3.deltakarar) frå 17:30-19:30
2.gruppe (3.deltakarar) frå 19:00-21:00
Dersom du har spesielle ønskje om gruppe med tanke på klokkeslett, skriv det i meldinga til Torill når du melder deg på.
Kurset er for nybegynnarar og for deg med litt erfaring.
Pris 3200 kr for medlemar, 3500 kr for ikkje-medlemar inkludert alt materiell og brenningar . Kurshaldar er Marita Eri Mo.
Påmelding ved å betale kursavgift til Aurland Husflidslag, Vipps 930787, merk innbetalinga Dreiekurs og namn. Send også SMS til Torill Bruvik, mobil 934 23 934, når du melder deg på. Påmelding innan 12.oktober.
Marita Eri Mo er fødd og oppvaksen i Lærdal. Ho arbeider på dreieskiva og lagar bruksgjenstandar av ulike type leire. Arbeida er vedfyrte til høgtemperatur i to til fem dagar. Marita lagar sine eigne begitningar og glasurar, der ho eksperimenterer med å blande inn lokale råmateriale, slik som den norske blåleira.
www.instagram.com/maritaerimo
Til butikken
Din handlekurv er tom.