Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
Suldal Husflidslag og Ryfylkemuseet samarbeider om å spreia Bunadsglede i Suldal. Me inviterer nå til ein serie arrangement ein gong i månaden med ulike tema knytt til bunaden. Etter ein fagleg temadel blir det Bunadskafe der ein meir uformelt kan arbeida med sine ting, utveksla kunnskap og erfaring med kvarandre. Me ønskjer å skapa ein møtestad for folk med felles interesse og varierande kunnskap og erfaring.
Svært mykje av det materialet bunadstradisjonen i Rogaland byggjer på, kjem frå Suldal kommune. Det er viktig for oss å halda oppe kjennskapen til dette kulturbidraget i kommunen vår. Det er også viktig å halda oppe, og vidareutvikla kunnskapen om handverket. Og ikkje minst, skapa bunadsglede over sjølvlaga bunad og tilbehør med lokal tilknytting.
Tema i haust blir Ullbroderi og dei ulike rogalandsbunadene v/søstrene Myhre, Vevde band v/Husflidskonsulent William Riedlinger og Bregdaband v/Søstrene Myhre. Den siste kvelden er temaet Kvitsaum – Bunadskjorta, den gamle og den nye v/Dagny Fønnebø Ringhagen og Sypikene. Ryfylkemuseet skal ha vandreutstillinga «Hovudplagg» frå januar 2026 til ut august. Me arbeider allereie med fleire samlingar utover våren -26
Den allmenne bunadbruken i Norge er innskriven på UNESCO si representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv. Det er ein internasjonal anerkjennelse av at den folkelege bruken av bunad i Norge og handverkskunnskapen som ligg bak, er verdifull og verdt å ta vare på. Prosjektet Bunadsglede frå Norges Husflidslag, skal auka kunnskapen om bunad og spreia entusiasme for tradisjonshandverk. Alle som ønskjer skal kunna ta del i sine lokale, ofte heilt særeigne, tradisjonar. Ein ønskjer særleg å få med ungdom og unge vaksne. Målet er at fleire skal bli kjent med eigen kulturarv, og få prøva seg på ulike teknikkar brukt i bunadene, for å senke terskelen for å brodera, sy og reparera bunaden sjølv.
Suldal Husflidslag har arbeidd med bunad i mange år. Laget har hatt mange kurs både i brodering og montering. Ryfylkemuseet har også bunad og folkedrakt som arbeidsfelt, og har spennande gjenstandar i samlingane sine. Desse to organisasjonane har hatt samarbeid gjennom mange år, og med mange ulike tema. Me ser at me utfyller kvarandre på ein fin måte, der Museet har fagkunnskap, samlingar og lokaler og Husflidslaget har medlemmer som bidreg med engasjement, innsats og aktivitetar. Saman hadde me stor bunadsutstilling som stod oppe i museet sine lokaler heile sommaren 2013.
Alle som har lyst til å vera med, er hjarteleg velkomne!
For Ryfylkemuseet, Marie Bønlykke
For Suldal Husflidslag, Anne Margrethe Myhre
Til butikken
Din handlekurv er tom.