Du er logget inn som

 

Bunadsglede

Tilbake

Me er so heldige å væra med i Norges Husflidslag sitt prosjekt Bunadsglede.

Prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen DNB med kr 6 millioner,

og rundt 100 lokale husflidslag er med i prosjektet.

Difor kan Granvin Husflidslag tilby gratis kurs i teljesaum, der du kan få lære å lage ein liten pose i teljesaum.

Posen skal broderast med broderiteknikkane smøyg, korsting, plattsaum og hardangersaum.

Mange av desse stinga bruker me i hardangerbunaden vår.

Alle materialer og instrukser får du utdelt på kurset.

Oppstart 22.sept kl 18.00 på Husflidstovo.

Målgruppa for kurset er tiltenkt aldersgruppa 14 – 26 år, men er du nokre år over dette så meld deg gjerne på.

Påmelding tlf 971 85 829 innan 15.sept.

main image