Du er logget inn som
husflid.no
Norges Husflidslag
0
Nettbutikk
Min side
12. – 14 september.
Rauland Husflidslag skal ha eigen stand i Hall A
Hei medlemmer i Rauland Husflidslag
Bli med på Dyrskun!
Vi har fått spørsmål frå Dyrskun i Seljord https://www.dyrskun.no/ om å bidra med aktivitetar i Hall A. Vi får disponere 2 doble stands som er innast i hallen til høgre.
Hall A er salgshallen ved sida av utstillingshallen (som heiter Hall B).
Etter litt att og fram har Rauland Husflidslag sagt seg villig til å bidra.
Aktivitetar.
Vi treng mange aktivitetar for å dekke opp dei 3 dagane som Dyrskun varer.
Vi skal ikkje arrangere kurs, dette blir meir «drop in» der folk kan få prøve seg på handverk, få svar på spørsmål og helst få med seg ein liten ting som dei har laga heim. Vi vil og selje utstyr slik at folk av halda fram heime.
Vi må lage eit program slik at det er ein eller fleire aktivitetar under heile opningstida.
Det er ingen som kan greie å vera på stand heile tida. 2 eller 3 timars økt er nok.
Åpningstider på Dyrskun er:
Fredag 12. sept. 9 – 20
Laurdag 13. sept. 9 – 20
Sundag 14. Sept. 9 – 17
Dette er planlagt til nå.:
Karveskurd: Karane på Dyre Vaa verkstaden skal bidra med karveskurd.
Brikkevev: Her har vi allereie mange ferdige renningar som kan brukast. Her trengs fleire folk.
Plukkeband: Eli Vesaas kan bidra med plukkeband eller bandstøre. Her trengs fleire folk.
Vi treng fleire aktivitetar og fleire som kan bidra.
Det trengs minst 2 på vakt heile tida. Ein eller fleire som tek seg av aktivitetar og ein som tek seg av det som er til salgs.
Vi kan selje ting under Dyrskun.
Aktivitetar er det viktigaste, men dei som tek på seg arbeid på standen kan og selje ting som dei har produsert.
Husflidslaget vil selje bandvevutstyr ( brikker, grindvevar, bandvevfeste, bandvevbelte m.m.)
Dette blir moro!
Send melding til Ann Mari 47273449 eller Eli Wendelbo 99020073 og sei kva du kan bidra med.
Frist 25 august.
Planleggingsmøte/styremøte 26. august
Du får oversikt 1 sept.
Telemark Husflidslag har sin eigen stand i Hall B.
Det er allereie nokon frå Rauland Husflidslag som skal hjelpe til der. Den viktigaste inntektskjelda til Telemark Husflidslag er loddsal. Rauland Husflidslag skal bidra med minst 10 gevinstar. Fint om desse kan leverast på Dyre Vaa rundt 1. september. Ta kontakt med Ann Mari 47273449 eller Eli Wendelbo 99020073 eller Berit Tjønn 40488317.
Til butikken
Din handlekurv er tom.